Historisk arkiv

Gratis læremiddel i den vidaregåande opplæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa foreslår å løyve 373 millionar kroner for 2007 til å innføre gratis læremiddel for elevar i den vidaregåande opplæringa. På tre år skal alle elevane i den vidaregåande opplæringa sikra gratis læremiddel.

Pressemelding

Nr.: 66-06
Dato: 6.oktober

Gratis læremiddel i den vidaregåande opplæringa

Regjeringa foreslår å løyve 373 millionar kroner for 2007 til å innføregratis læremiddel for elevar i den vidaregåande opplæringa. Ordninga skal gjelde for vidaregåande trinn 2 (Vg2) frå hausten 2007, Vg3 frå hausten 2008 og Vg1 frå hausten 2009. På tre år er dermed alle elevane i den vidaregåande opplæringa sikra gratis læremiddel.

- Dette er ei historisk satsing og ei god investering for Noreg som kunnskapsnasjon i tida som kjem. No får dessutan alle lik sjanse til å gjennomføre vidaregåande opplæring, uavhengig av sosial bakgrunn, seier kunnskapsminister Øystein Djupedal.

Ordninga er todelt: Fylkeskommunane er ansvarlege for at elevane får nødvendige trykte og digitale læremiddel. Fylkeskommunane bestemmer sjølve korleis dei vil organisere gratisordninga. I tillegg blir det innført eit ikkje-behovsprøvd stipend gjennom Statens lånekasse for utdanning som skal vere med på å dekkje utgifter som elevane har til andre læremiddel og nødvendig individuelt utstyr. Det kan til dømes vere klede i samband med yrkesfag, idrettsutstyr eller kalkulator.

Det behovsprøvde læremiddelstipendet som eksisterer i dag, blir fasa ut.

Regjeringa har lagt vekt på å finne ei ordning der fylkeskommunen som skuleeigar får velje læremidla i størst mogleg grad. Det skal vere med på å gjere skulane utviklingsorienterte og kvalitetsbevisste. Ordninga støttar òg føresetnaden i dei nye læreplanane om metodefridom for skulane når det gjeld bruk av læremiddel – til dømes digitale læremiddel. I revidert nasjonalbudsjett for 2006 blei det løyvd 50 millionar kroner til å utvikle og bruke digitale verktøy.

Våren 2007 kjem Regjeringa til å foreslå å endre opplæringslova, sidan fylkeskommunane no får ansvar for at elevane i den vidaregåande opplæringa får gratis trykte og digitale læremiddel. Lærlingar er ikkje omfatta av ordninga med gratis læremiddel.

Satsane for stipendet er like for åra i skulen, og fordelinga på utdanningsprogramma er foreslått slik (gjeld for Vg2 frå hausten 2007, Vg3 frå hausten 2008 og Vg1 frå hausten 2009):

Utdanningsprogram

Sats per år

Studiespesialisering

800 kroner

Musikk, dans og drama

800 kroner

Elektrofag

800 kroner

Helse- og sosialfag

800 kroner

Medium og kommunikasjon

800 kroner

Service og samferdsel

800 kroner

Bygg- og anleggsteknikk

1 800 kroner

Naturbruk

1 800 kroner

Teknikk og industriell produksjon

1 800 kroner

Idrettsfag

2 600 kroner

Design og handverk

2 600 kroner

Restaurant- og matfag

2 600 kroner

Kontaktperson:

Seniorrådgivar Gunnar Eie, 22 24 73 88