Historisk arkiv

Auka satsing på MiSide

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 43/2006
Dato: 06.10.06
Kontaktperson: Kommunikasjonssjef Signe Horn, t. 926 03 520

Auka satsing på MiSide

Regjeringa vil auke satsinga på å vidareutvikle MiSide frå 6 millionar i 2006 til 13 millionar i budsjettforslaget for 2007.

- Dette budsjettet er eit godt utgangspunkt for utvikling av MiSide med utvida funksjonalitet og stadig fleire tenester både frå staten og kommunane. Dette vil vere eit langt steg framover mot ein meir brukarretta offentleg sektor, seier fornyingsminister Heidi Grande Røys.

Om ikkje lenge blir den offentlege nettstaden Noreg.no utvida med innbyggjarportalen MiSide – ein felles nettstad for dialog med det offentlege. MiSide skal gjere det mogleg for kvar enkelt innbyggjar å få utført ei rekkje offentlege tenester. Mellom anna vil ein kunne bytte fastlege, melde flytting eller endre skattekort. Tenesta skal gi kvar enkelt høve til betre innsyn i informasjon om seg sjølv i offentlege register. Ein kan til dømes slå opp på "Mi adresse", "Min fastlege", "Mine kjøretøy" osv.

Enklare
- Etableringa av MiSide vil gjere det enklare for den einskilde innbyggjar å finne fram. Du treng ikkje vite kva for ei offentleg verksemd som tilbyr ei teneste for å nytte den.

MiSide tilbyr dessutan ei felles postkasse for meldingar til og frå forvaltninga. Målet er å gjere det enklare for folk flest å finne fram til og nytte elektroniske tenester frå offentleg sektor. Kvar brukar får sikker tilgang til MiSide ved bruk av PIN-kodar.

Dei tyngste investeringane er knytte dei enkelte statlege og kommunale verksemdene som utviklar og tilbyr tenestene til den felles portalen MiSide. Noreg.no i Leikanger har ansvaret for å forvalte MiSide og har tilsett 5 personar til denne oppgåva.

For meir informasjon, sjå www.noreg.no/miside.