Historisk arkiv

Rekordbevilgning til bredbånd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Regjeringen foreslår hundre millioner kroner til bygging av infrastruktur for bredbånd i statsbudsjettet for 2007. Dette er den største satsingen noen sinne. Totalt er bevilgningen til bredbånd på nesten 122 millioner kroner.

Pressemelding

Nr.: 42/2006
Dato: 06.10.06
Kontaktperson: Kommunikasjonssjef Signe Horn, t. 926 03 520

Rekordløyving til breiband

Regjeringa legg fram forslag om hundre millionar kroner til bygging av infrastruktur for breiband i statsbudsjettet for 2007. Dette er den største satsinga nokon sinne. Totalt er løyvinga til breiband på nær 122 millionar kroner.

- Eg er stolt over å kunne leggje fram denne kraftige satsinga på breiband, seier fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys. – Breiband er ein viktig føresetnad for spreidd busetnad og distriktsbasert næringsliv i Noreg, og ein føresetnad for fornying av offentleg sektor, seier ho.

Undersøkingar viser at det er teknisk mogleg for om lag 95% av norske husstandar å få breibandstilknyting per oktober i år, og at prosentdelen er aukande. Regjeringas siste løyving til breibandsformål, som vart delt ut i september i år, er venta å resultere i nærare 30 000 nye breibandslinjer. Dette tilsvarer nær ein tredjedel av dei husstandane som ikkje har tilbod om breiband. Grande Røys er no glad ho kan akselerere tempoet enno meir for å få med dei siste prosentane.

Full dekning i 2007
- Regjeringa har som mål at alle skal ha eit slikt tilbod i løpet av 2007. Men skal vi klare dette, er det viktig at òg kommunar, fylkeskommunar og kommersielle aktørar held dampen oppe, seier Grande Røys. Ho trekkjer særleg fram fylkeskommunane som kan gjere ein viktig jobb ved å koordinere utbygginga, og oppfordrar desse til å ta nødvendige samordningsgrep i sine område.

Dei 122 nye millionane vert fordelte gjennom Høykom-ordninga. Erfaringa viser at for kvar høykom-krone kjem det i underkant av to kronar i eigenfinansiering. 100 millionar vil dermed kunne utløyse samla investeringar på nærmare 300 millionar kroner. Høykom er finansiert av Fornyings- og administrasjonsdepartementet og administrert av Noregs Forskingsråd. Dei samla norske breibandsinvesteringane i 2006 er i storleik 3,5 milliardar kroner. Det blir såleis framleis investert store summar i utbygging av breiband i Noreg.