Revidert nasjonalbudsjett

Regjeringa vil bruke 9 millionar kroner for å redde vikingskattar frå Osebergfunnet

Tresledane frå det unike Osebergfunnet er i ferd med å bli brotne ned frå innsida. No vil regjeringa sette av pengar til å forske fram ein ny konserveringsmetode. Målet er å trygge den største samlinga i verda av tregjenstandar frå vikingtida.

– Å sikre kulturskattane frå vikingtida har aller høgaste prioritet. No bygger vi eit fantastisk Vikingtidsmuseum som skal trygge den unike verdsarvsamlinga vår. Som del av dette må vi sikre Osebergfunnet. Når eit av dei aller viktigaste arkeologiske funna i Noreg står i akutt fare for å smuldre opp, må vi ta grep raskt. Det gjer vi no, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Forskingsprosjekt skal erstatte hundre år gammal konserveringsmetode

På grunn av alunkonserveringa som blei gjort for over hundre år sidan, er treverket i dei store sledane frå Osebergfunnet i ferd med å bli pulveriserte frå innsida. Nedbrytinga går føre seg utan stans.

Dei mindre gjenstandane frå funnet er rekonservert gjennom to tidlegare prosjekt, men dei metodane kunne ikkje nyttast på dei store og komplekse sledane. Derfor hastar det med å forske fram og utvikle ein ny metode for å konservere dei unike gjenstandane

I forslaget til revidert nasjonalbudsjett vil regjeringa løyve eit eingongsbeløp på ni millionar kroner i 2024 til Universitetet i Oslo for tredje fase av forskingsprosjektet Saving Oseberg. Prosjektet skal sikre at det etablerte internasjonale forskingsmiljøet saman finn nye løysingar for rekonservering.

Forskingsprosjektet er planlagt over 6 år med ein totalkostnad på 53 millionar kroner.