Retningslinjer for økonomiforvaltning og kontroll for tilskotsmottakarar som får tildelt prosjekt-, investerings- eller eingongstilskot frå Kultur- og likestillingsdepartementet i 2024

Fastsett av Kultur- og likestillingsdepartementet 5. oktober 2023.

1. KRAV TIL AVLEGGELSE AV RAPPORT OG REKNESKAP

1.1 Generelt

Tilskotsmottakaren pliktar å varsla departementet eller tilskotsforvaltaren snarast dersom det oppstår vesentlege avvik i forhold til dei premissane som ligg til grunn for tilskotet.

Tilskotsmottakar skal så snart som mogleg, og seinast 3 månader etter at tiltaket/ prosjektet er avslutta eller tilskotet er disponert, eventuelt innan den fristen som er fastsett i tilskotsbrevet, senda rapport til departementet eller tilskotsforvaltaren om disponeringa av tilskotet eller at tiltaket/prosjektet er gjennomført.

Når tilskotet er 500 000 kroner eller høgare, skal det saman med rapporten sendast inn revisorkontrollert rekneskap for tiltaket/prosjektet/disponeringa av tilskotet. Rekneskapen skal vera underteikna av tilskotsmottakar og vera kontrollert av statsautorisert eller registrert revisor, eventuelt av kommunerevisjon eller anna offentleg revisjonsorgan.

Når tilskotet er under 500 000 kroner, skal det saman med rapporten sendast inn rekneskapsoversikt for tiltaket/prosjektet/disponeringa av tilskotet, underteikna av tilskotsmottakar. Det blir ikkje kravd at rekneskapsoversikta er stadfesta av revisor.

Rekneskapsdata og dokumentasjon av faktiske opplysningar som ligg til grunn for søknaden eller utrekninga av tilskotsbeløpet, skal oppbevarast i samsvar med føresegnene i rekneskapslova.

1.2 Tilskot med avrekning (tilskot der storleiken på tilskotet blir fastsett som del av eit budsjett eller rekneskap)

For tilskot som blir gitt i form av heil eller delvis dekning av budsjetterte utgifter skal det sendast inn rekneskap så snart som mogleg, og seinast tre månader etter at tiltaket/ prosjektet er avslutta. Rekneskap for tilskot over 250 000 kroner skal ha attestasjon frå statsautorisert eller registrert revisor der det skal komma fram om dei faktiske utgiftene svarer til dei budsjetterte utgiftene.

For tilskot som blir gitt i form av heil eller delvis dekning av rekneskapsførte utgifter skal det sendast inn rekneskap. Rekneskap for tilskot over 250 000 kroner skal ha attestasjon frå statsautorisert eller registrert revisor.

Ved andre høve gjeld føresegnene i avsnitt 1 og 5 under pkt. 1.1 ovanfor. 

2. KONTROLLADGANGEN TIL DEPARTEMENTET

Departementet viser til det generelle pålegget Stortinget har gitt forvaltninga om å føra kontroll med tilskot til offentleg eller privat verksemd som elles ikkje er undergitt statleg kontroll, jf. § 10 2. ledd i Stortingets bevilgningsreglement. Regelen lyder:

"Ved tilskot eller lån til offentleg eller privat verksemd som elles ikkje er undergitt statleg kontroll, skal det takast atterhald om tilgang for tilskotsforvaltaren til å føra kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene."

3. TILBAKEBETALING AV TILSKOT

Blir tilskotet eller deler av tilskotet ikkje nytta til formålet, kan de overskytande midlane bli kravd tilbakebetalt. Tilskotsmottakar plikter å gjere Kultur- og likestillingsdepartementet eller tilskuddsforvalter merksam på slike forhold så snart som mogleg og senast innan 1. november det året tilskotet er mottatt.

Tilskot som skal reknast etterskotsvis, jf. pkt. 1.2 ovanfor, blir berekna med en fastsett prosentsats av budsjetterte/regnskapsførte utgifter. Dersom dei faktiske utgiftene har vært lågare enn budsjettert, vil de overskytande midlane bli kravd tilbakebetalt.

Dersom det i ettertid viser seg at tilskotet ikkje er nytta i samsvar med føresetnadene i tilskotsbrevet, kan departementet eller tilskotsforvaltar krevja heile eller deler av tilskotet tilbakebetalt. Dersom tilskotsmottakar har fått tilskot på bakgrunn av feilaktige opplysningar, kan dette i særlege tilfelle vera brot på reglane i straffelovas §§ 371–372.

Ved tilbakebetaling av tilskot skal midlane overførast til:

Kultur- og likestillingsdepartementet, Postboks 8030 Dep, 0030 OSLO Bankkontonummer: 7694.05.00253

Det må komma fram av innbetalinga kva for kapittel- og postnummer i statsbudsjettet tilskotet gjeld. Melding om tilbakeføring av midlar med tilvising til kapittel- og postnummer må òg sendast til Kultur- og likestillingsdepartementet postmottak@kud.dep.no

4. PRAKTISERING AV RETNINGSLINJENE

Dersom det oppstår tvil om praktiseringa av retningslinjene, ta kontakt med  departementet eller tilskuddsforvalteren.