Historisk arkiv

IMF med ros til Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Finansdepartementet

39/2005

I rapporten sin om Noreg gjev Det internasjonale pengefondet (IMF) ros for den økonomiske politikken regjeringa fører. Noreg har unngått dei problema som ein ofte ser i land som har ein stor petroleumsformue, heiter det i rapporten frå IMF. (13.06.05)

Pressemelding

Nr.: 39/2005
Dato: 13.06.05
Kontaktperson: Runar Malkenes, telefon 22 24 41 09 / mobil 95 21 42 83, Frank Vatne, telefon 22 24 41 31 / mobil 91 33 57 02

IMF med ros til Noreg

I rapporten sin om Noreg gjev IMF ros for den økonomiske politikken regjeringa fører. Noreg har unngått dei problema som ein ofte ser i land som har ein stor petroleumsformue, heiter det i rapporten frå Det internasjonale pengefondet (IMF).

- Det er hyggeleg at Regjeringa får så sterk støtte for den økonomiske politikken sin, seier finansminister Foss i ein kommentar.
- Valutafondet har positive merknader på alle politikkområde, samstundes som det gjev råd som vi vil vurdere nøye, held Foss fram.

IMF meiner at handlingsregelen for finanspolitikken har vore til god hjelp for sikre ein ansvarleg budsjettpolitikk. Opplegget i Revidert nasjonalbudsjett med ei innstramming i bruken av oljepengar, får positiv omtale av IMF, samstundes som IMF peikar på at Noreg no, når utviklinga i økonomien er så god, bør nytte høvet til raskt å tilpasse bruken av oljepengar til 4 prosent av Petroleumsfondet.

- Skatte- og pensjonsreformene får positiv omtale. Eg merkar meg at IMF meiner at fleksibel pensjonsalder i tråd med Regjeringa sitt framlegg bør gjennomførast, seier Foss.
- IMF meiner og at det etter kvart vil bli trong for nye tiltak for å sikre berekraftige offentlege finansar. Finanssektoren blir vurdert som sunn, konkurransedyktig og veldriven, overvaka av eit sterkt tilsynssystem. Eg merkar meg at også Pengefondet peikar på at det er ein risiko om kredittveksten held fram slik som no. Det er derfor viktig, som eg har peika på ved fleire høve, at folk må ta høgde for at rentene vil kunne auke.

Rapporten er basert på møte som ein delegasjon frå IMF hadde i mars 2005 med offentlege og private organ i Noreg. Det har denne gongen også vore ein særskilt og omfattande gjennomgang av finanssektoren, eit arbeid som tok til hausten 2004. Ein førebels rapport vart lagd fram 15. mars. Rapporten har vore behandla i styret i IMF, og drøftinga frå styrediskusjonen er reflektert i ei pressemelding frå fondet (Public Information Notice).

Les pressemeldinga frå IMF her. Endeleg rapport her (pdf).