Historisk arkiv

Noreg gratulerer Albania og Kroatia i NATO

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Statsministerens kontor

Albania og Kroatia fullførte 1. april prosessen for å kunne tiltre NATO, og er no fulle medlemer av alliansen. - Eg gratulerer Albania og Kroatia med tiltredinga, seier statsminister Jens Stoltenberg.

- NATO-medlemskap for dei to landa vil bidra til auka regional tryggleik og stabilitet, og vi ser fram til eit nært og godt samarbeid med både Albania og Kroatia i NATO, seier Stoltenberg.

Statsministrane frå Albania og Kroatia vil delta på NATOs toppmøte i Strasbourg/Kehl 3.-4. april, saman med stats- og regjeringssjefane frå alle dei andre NATO-landa.

- Eg ser fram til å møte mine statsministerkollegaer, og til å ønskje dei velkomne til NATO, seier Stoltenberg.

Hovudtema på NATO-toppmøtet er engasjementet i Afghanistan, NATOs tilhøve til Russland og andre samarbeidspartnarar og alliansens rolle og framtidige utfordringar. Frankrike vert no reintegrert i den militære alliansen, og møtet vil markere at NATO i år er 60 år.

Statsministeren leier den norske delegasjonen på NATO-toppmøtet. Utanriksminister Jonas Gahr Støre og forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen deltek også.