Endringar i utlendingsforskrifta gjer det no mogleg å få besøksvisum med rett til fleire innreiser, såkalla flerreisevisum, med varigheit på inntil fem år.

Det er Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID) som har endra utlendingsforskrifta med verknad frå 15. januar.
Visum for besøk til Noreg blir normalt gitt for ei innreise, med angitt dato for når besøket skal finne stad. Dersom ein kan påvise eit særleg behov for fleire innreiser innanfor eit nærmare bestemt tidsrom, kan det gjevast fleirreisevisum med varigheit på maksimalt 12 måneder.

I nokre situasjonar er det behov for fleire innreiser over eit lengre tidsrom, og det har vore eit  ønske frå ulike yrkesgrupper om at regelverket skal opne for å skrive ut fleirreisevisum med varigheit utover 12 måneder. Våren 2007 inngjekk Noreg dessutan ei bilateral avtale med Russland om visumforenklingar, og fleire tilsvarande avtaler med andre land er under framforhandling. Avtala/-ene inneber rett til, under visse omstende, å få innvilga fleirreisevisum med varigheit på inntil fem år. 

- Arbeids- og inkluderingsdepartementet har derfor endra visumreglane, slik at det nå er mogeleg å gje fleirreisevisum med varigheit på inntil fem år, seier statsråd Bjarne Håkon Hanssen.

Søkjaren må, i tillegg til å ha overholdt føresetnadene ved tidlegare gitte visum, dokumentere tidlegare regelmessig reisevirksomhet til Noreg og eit framtidig behov for fleire innreiser i den aktuelle perioden.

Endringa gjeld følgande ni personkategoriar:

  • forretningsreisande
  • yrkessjåførar
  • sjømenn
  • deltakarar i offisielle besøk
  • nærmaste familiemedlemmer til person med lovleg opphald i Noreg
  • nærmaste familiemedlemmer til norsk borger busett i utlandet
  • familiemedlemmer til EØS-borgar og EFTA-borgar som utøver sin rett til fri bevegelse etter EØS-regelverket, og som har lovleg opphald i Noreg
  • personar som deltar i vitenskaplege, kulturelle eller idrettsrelaterte offisielle program/arrangement
  • personar som omfattast av internasjonale avtaler, dersom dette er ein rett etter vedkomande avtale.

Dei nye reglane trer i kraft 15. januar 2008.

Nærmare retningsliner finn ein i rundskriv A-37/2008.