Historisk arkiv

Fleire asylsøkjarar skal returnerast til tryggje område i heimlandet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Som ein del av dei 13 innstrammingstiltaka iverkset regjeringa 15. juni ein strengare praksis for asylsøkjarar som kan returnere til andre tryggje område i sitt eige heimland.

Som ein del av dei 13 innstrammingstiltaka iverkset regjeringa 15. juni ein strengare praksis for asylsøkjarar som kan returnere til andre tryggje område i sitt eige heimland.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har no vedteke ei forskriftsendring som inneber at det skal vere lettare enn i dag å returnere ein asylsøkjar til eit trygt område i heimlandet. Sjølv om det finst eit trygt område asylsøkjaren kan returnerast til i heimlandet, skal ikkje vedkomande returnerast dersom det blir sedd på som urimeleg. Dersom det alternative returområdet blir sedd på som trygt, tilgjengeleg og rimeleg vil asylsøknaden derimot bli avslått.

– Tiltaket betyr for eksempel at afghanske asylsøkjarar som har flykta frå ustabile område i heimlandet, etter ei konkret vurdering kan returnerast til Kabul eller andre stabile område, sjølv om dei manglar tilknyting til området. Ei slik innstramming er viktig for å redusere talet på asylsøkjarar som kjem utan vernebehov, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen.

Rundskriv om ikraftsetting av en ny forskriftsbestemmelse i utlendingsforskriften – Oppfølging av Regjeringens innstramming av asylpolitikken – tiltak 2 - Internflukt