Stortinget vil øyremerke den årlege løyvinga gjennom statsbudsjettet. Formålet med tilskotet til nasjonale ressursmiljø er å auke deltakinga og tilliten til samfunnet i innvandrarbefolkninga. Tilskotet er føreslått meir vridd mot arbeid mot diskriminering. Støtteordninga til landsdekkjande organisasjonar fell dermed bort.

- Ei slik ordning vil sikre den nødvendige balansen mellom breidde, fornying og kontinuitet i dei ulike ressursmiljøa. Eg er opptatt av å få fram fleire røyster i den offentlege debatten. Derfor er eg tilfreds med at både Utrop og LIM (Likestilling, integrering og mangfald – nettverk for liberale muslimar) no får støtte over ordninga, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken.

Dei nasjonale ressursmiljøa vil ha ei viktig rolle i å følgje utviklinga på innvandrings- og integreringsfeltet. Dei skal mellom anna vere ein kjelde til alternativ kunnskap og formidlarar av erfaringar og synspunkt frå innvandrarbefolkninga. Departementet føreslår at det i 2012 blir gitt øyremerkte tilskot til følgjande nasjonale ressursmiljø:

Tilskot til nasjonale ressursmiljø

Organisasjon

Tilskot 2011

Gammal ordning

Tilskot 2012

Ny ordning

Antirasistisk senter (ARS)

1 700 000

2 175 000

Human Rights Service (HRS)

1 835 000

900 000

Innvandrernes landsorganisasjon (INLO)

907 000

850 000

Kristent Interkulturelt Arbeid (KIA)

1 265 000

1 265 000

Minotenk - minoritetspolitisk tenketank (ny i 2010)

750 000

750 000

MiRA - ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner

1 291 000

1 300 000

Multikulturelt initiativ og ressursnettverk (MIR) (ny i 2011)

500 000

500 000

Norsk Organisasjon for Asylsøkere (NOAS)

1 967 000

1 970 000

Organisasjonen mot offentlig diskriminering (OMOD)

1 438 000

1 440 000

Selvhjelp for innvandrere og flyktningar (SEIF)

1 844 000

1 850 000

LIM – Likestilling, integrering og mangfald – nettverk for liberale muslimar (ny i 2012)

 

500 000

Utrop (ny i 2012)

 

500 000

Totalt

13 497 000

14     mill kr