Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Nytt tilskot til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

I statsbudsjettet føreslår regjeringa å innføre ei ny ordning som gir direkte driftsstøtte til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet. Støtteordninga til landsdekkjande organisasjonar fell bort.

Stortinget vil øyremerke den årlege løyvinga gjennom statsbudsjettet. Formålet med tilskotet til nasjonale ressursmiljø er å auke deltakinga og tilliten til samfunnet i innvandrarbefolkninga. Tilskotet er føreslått meir vridd mot arbeid mot diskriminering. Støtteordninga til landsdekkjande organisasjonar fell dermed bort.

- Ei slik ordning vil sikre den nødvendige balansen mellom breidde, fornying og kontinuitet i dei ulike ressursmiljøa. Eg er opptatt av å få fram fleire røyster i den offentlege debatten. Derfor er eg tilfreds med at både Utrop og LIM (Likestilling, integrering og mangfald – nettverk for liberale muslimar) no får støtte over ordninga, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken.

Dei nasjonale ressursmiljøa vil ha ei viktig rolle i å følgje utviklinga på innvandrings- og integreringsfeltet. Dei skal mellom anna vere ein kjelde til alternativ kunnskap og formidlarar av erfaringar og synspunkt frå innvandrarbefolkninga. Departementet føreslår at det i 2012 blir gitt øyremerkte tilskot til følgjande nasjonale ressursmiljø:

Tilskot til nasjonale ressursmiljø

Organisasjon

Tilskot 2011

Gammal ordning

Tilskot 2012

Ny ordning

Antirasistisk senter (ARS)

1 700 000

2 175 000

Human Rights Service (HRS)

1 835 000

900 000

Innvandrernes landsorganisasjon (INLO)

907 000

850 000

Kristent Interkulturelt Arbeid (KIA)

1 265 000

1 265 000

Minotenk - minoritetspolitisk tenketank (ny i 2010)

750 000

750 000

MiRA - ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner

1 291 000

1 300 000

Multikulturelt initiativ og ressursnettverk (MIR) (ny i 2011)

500 000

500 000

Norsk Organisasjon for Asylsøkere (NOAS)

1 967 000

1 970 000

Organisasjonen mot offentlig diskriminering (OMOD)

1 438 000

1 440 000

Selvhjelp for innvandrere og flyktningar (SEIF)

1 844 000

1 850 000

LIM – Likestilling, integrering og mangfald – nettverk for liberale muslimar (ny i 2012)

 

500 000

Utrop (ny i 2012)

 

500 000

Totalt

13 497 000

14     mill kr


Til toppen