Historisk arkiv

Alle kan drive fritidsfiske i Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Alle kan drive fritidsfiske i Noreg

Norskekysten har mykje å tilby den som søkjer avkopling i ferie og fritid. Alle kan hauste frå havet i norske farvatn, men må innrette seg etter dei reglar som gjeld. Vi skil mellom fritidsfiske og det å ha fiske som yrke – mellom fritidsfiskarar, deltidsfiskarar og heiltidsfiskarar.

Alle norske statsborgarar og personar busette i Noreg har i utgangspunktet rett til å drive fritidsfiske og kan selje fangsten gjennom ein kjøpar i salslagsordninga.

I samband med vernetiltaka for norsk kysttorsk er det innført eit tak for kor mykje torsk ein fritidsfiskar kan omsette. Grensa er sett til 2000 kg. Utanlandske statsborgarar som ikkje bur fast her i landet kan drive sportsfiske med handreiskap, men kan ikkje selje fisken.

Norske fritidsfiskarar kan drive fiske med følgjande reiskap:

  • Handsnøre, fiskestang og ein maskindriven juksa eller dorg
  • Garn med samla lengde inntil 210 meter
  • Line med opptil 300 anglar
  • Inntil 20 teiner eller ruser

Kvar einskild fritidsfiskar kan kombinere desse reiskapstypane. Dersom det er to eller fleire fritidsfiskarar om bord i eit fartøy gjeld avgrensinga i reiskapar per fartøy og ikkje per person.

I sjøen er fritidsfiske med stang og handsnøre etter anadrome laksefisk tillate for alle. Ein treng ikkje betale fiskeavgift for å drive sportsfiske i sjøen.

Fiskereiskapar som står i sjøen skal vere tydeleg merka. Fritidsfiskarar skal merke reiskapen med namnet og adressa til eigaren.

Det finst ei rekke reglar for framferd på sjøen, fredingsperiodar, reiskapsavgrensingar og minstemål for fisk og skaldyr. Det er også einskilde avgrensingar når det gjeld fritidsfiskarane sitt høve til å selje fisken. Nærare kunnskap om dette får du ved å vende deg til Fiskeridirektoratet eller til Fiskeridirektoratet sine regionkontor eller lokalkontor.

Yrkesfiske på heil- eller deltid

For å drive yrkesfiske med eige fartøy i Noreg må du ha ein båt du har fått ervervsløyve for av fiskeristyresmaktene. Dersom båten er over 50 fot må du ha vore aktiv fiskar i tre av dei siste fem åra for å få løyve.

Du kan altså kjøpe din eigen båt under 50 fot og få ervervsløve for han utan at du har drive fiske før, men det er avgrensingar i kva du

kan bruke båten til. I dei årlege reguleringane etter deltakarlova blir det stilt krav om at du står i fiskarmanntalet for å kunne fiske innanfor dei regulerte bestandane.

Dei som har fiske som hovud- eller eineyrke står på blad B i fiskarmanntalet. Dei som driv fiske på deltid kan stå på blad A. For å stå i fiskarmanntalet er det stilt krav om at ein viss del av inntekta di kjem frå fiske, og at ein viss del av den totale arbeidsinnsatsen din nyttast i aktivt fiske.

  • Fiskeridirektoratet har laget et hefte med en del sentrale bestemmelser som regulerer fiske, jakt og ferdsel langs kysten. Les heftet her

Foto: Johnny Løseth
Fritidsfiske bidrar til det gode liv langs kysten. Regjeringens målsetting er at turist- og fritidsfisket utvikles som et supplement til reiselivsnæringen. Louise Løseth og David Sounders.