Historisk arkiv

Fisketurisme i det politiske bildet — kva vil styresmaktene med næringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen sitt innlegg på Nasjonal konferanse om fisketurisme - Stjørdal - 16.1.2007

Fisketurisme i det politiske bildet – kva vil styresmaktene med næringa

Statssekretær Vidar Ulriksen - Fiskeri- og kystdepartementet

Stjørdal 16.1.2007

Gode forsamling

Det er ei glede for meg å møte den delen av reiselivsnæringa som står nærast Fiskeri- og kystdepartementet sitt arbeidsfelt. Både vi og de er sterkt engasjerte innan det marine området. Vi treng ein møteplass mellom bedrifter, styresmakter og andre viktige aktørar på området som gjeld fisketurisme. Eg ser fram til eit slikt samarbeid.

Det er vel ikkje å ta for hardt i å seie at kysten er eit av dei fremste fortrinna våre innan reiselivet. Vi har ei kystlinje på heile 8.000 km! Som kystfiskar gjennom mange år har eg blitt kjend med denne kysten frå sør til nord. Eg skriv gjerne under på at vakrare og meir særprega område er det vanskeleg å finne. Og eg har sjølv kjent på kroppen det eg trur fiskeinteresserte turistar kjem til norskekysten for: Havet og naturen, båten og utstyret, fangsten og spenninga – kort sagt opplevinga!

Vi ser at denne bodskapen vert fanga opp ute i verda. Når reiselivsguruane i Lonely Planet kårar norskekysten med kvalsafari, sportsdykking og padling til eitt av dei ”hippaste” reisemåla – då kan det vel ikkje vere tvil. Og når japanarane kjem til finnmarkskysten for å fange kongekrabbe, då veit vi at vi må kunne få mykje ut av det marine mangfaldet vårt, om vi spelar korta våre rett.

Soria Moria

I Soria Moria-erklæringa legg regjeringa særleg vekt på å utvikle reiselivet generelt. Det er eitt av dei fem områda der regjeringa meiner Norge har særlege føresetnader og fortrinn og som vi difor må satse spesielt på. Marin sektor er eit anna slikt område.

Landet vårt er vakkert, reint og trygt og vi kan tilby spennande opplevingar utanom det vanlege. Soria Moria-erklæringa varslar at det skal lagast ein nasjonal reiselivsstrategi. Målet med strategien er å få ein meir heilskapleg, samordna og framtidsretta reiselivspolitikk i Norge.

Det er Nærings- og handelsdepartementet som leiar arbeidet med denne strategien. Arbeidet er godt i gang og Fiskeri- og kystdepartementet deltek i arbeidsgruppa saman med fleire andre departement. Vi er ferdige med eit grunnlagsdokument og sjølve strategien skal etter planen lanserast til sommaren.

De skjønar sikkert at det er for tidleg å gå inn på innhaldet i strategien no, men viktige poeng er kompetanse, produktutvikling, samarbeid og kvalitetssikring. Næringa vil sjølvsagt bli teken med på råd.

FKDs innsats

Strategiarbeidet er eit godt høve for Fiskeri- og kystdepartementet til å definere tydelegare kva ansvar vi skal ha i reiselivssamanheng. Utgangspunktet er å stø opp under Nærings- og handelsdepartementet sitt arbeid for det vi kallar kystbasert reiseliv. Her vil vi særleg vere med på tre område:

For det første gjeld det å legge til rette for forsvarleg og lønsamt turistfiske – hovudtemaet her i dag. Eg kjem tilbake til dette.

Lokal sjømat

For det andre gjeld det koplinga mellom reiselivet og tilbod av høgkvalitets sjømat, gjerne med lokalt tilsnitt. Her kan mykje gjerast med våre førsteklasses råvarer. Etterspurnaden etter regional og lokal mat er ein av dei sterkast veksande trendane i Europa. Og i dag leitar stadig fleire etter reisemål der kombinasjonen av natur, kultur og mat gjev ei unik oppleving. Turistar spør etter lokal mat!

Når havet, landskapet, båten, fisken og maten vert kopla saman til kvalitetsprodukt er resultatet mye meir enn summen av dei einskilde faktorane. Men har reiselivsnæringa utnytta sjømaten tilstrekkeleg i marknadsføringa si?

Norske råvarer har kvalitetar som er verdige dei beste kokkane i verda. Det er kanskje nok å nemne den svært aktuelle konkurransen Bocuse d’Or - med norsk oppdrettskveite og kongekrabbe på menyen?

I Fiskeri- og kystdepartementet vil vi gjere vårt for å fremme høg kvalitet og god tilgang til ferskfisk. Slik håpar vi blant anna å skape viktige ringverknader inn mot aktørar i reiselivet langs kysten. Så vil eg utfordre norske fisketuristbedrifter, hotell, restaurantar – og vegkroer - til å utvikle tilbodet av sjømat. Fokuser på særpreget vårt og tradisjonane våre, men også på kvalitet og prestisje gjennom godt fagleg handverk!

Fleire interessante initiativ for å løfte norsk sjømat i reiselivssamanheng er alt tekne i samarbeid mellom næringa, Innovasjon Norge, Eksportutvalet for fisk og andre. Eg vil følgje spent med på arbeidet vidare!

Kystkultur

Det tredje reiselivsområdet der departementet engasjerer seg er kystkultur. Kulturhistoria er eit viktig trekkplaster for turistar. Mange tradisjonsrike fiskevær langs heile kysten vår kan vise fram sjøbuer og pittoreske bustadhus, fiske- og fangstverksemd i ”gammal og ny innpakking”, og vi har ei rekkje kyst- og fiskerimusé og samlingar av ulike slag. Kysten har også rikeleg med festivalar og ulike aktivitetstilbod innan kunst og lokal kultur. Lokal sjømat er ein del av dette. Det same er fyra våre og kystleia.

De som driver med turistfiske bør legge vekt på samspelet med dette vide kulturelle spekteret for å tiltrekke dykk eit breiast muleg lag av ferierande.

Det er nyleg utarbeidd ein strategi for å styrke stillinga til kystkulturen. Strategien er laga i samarbeid mellom direktorata under Fiskeri- og kystdepartementet, Miljøverndepartementet og Kulturdepartementet. I strategien peikar ein også på samanhengen mellom kystkultur og verdiskaping. Vi har for tida strategien til vurdering i departementet og er opptatt av at den skal komme i aktiv bruk for våre felles interesser.

Fisketurisme

Så til dagens hovudtema – fisketurisme. Det er ikkje tvil om at fiske er blitt ein viktig del av reiselivet langs kysten. For mange lokalsamfunn skaper norske og utanlandske gjester med fiskelyst både aktivitet og inntekter. Dette er særleg viktig der næringsgrunnlaget elles er spinkelt.

Eg synest det er utfordrande at fisketurisme er ei distriktsnæring som er uløyseleg knytt til lokalsamfunn langs kysten. Fisketurismen har vakse både i talet på gjestar og talet på anlegg, og veksten har vore stor dei seinare åra. Mange ser at det ligg næringsutvikling i å tilby gode fasilitetar, fiske og opplevingar. Næringa er blitt meir profesjonell og betre organisert og ho tek ansvar for si eiga utvikling. NHO Reiseliv gjer ein viktig og solid jobb på vegne av medlemsbedriftene og heile næringa. Denne konferansen viser også det.

Kombinasjonen av norsk kystnatur, kystkultur og godt høve til fiske rett utanfor fjøresteinane er eit potensial som må komme reiselivsnæringa, lokalsamfunna og landet til gode. Skal det lukkast må vi ta nokre grunnleggande omsyn:

Fiskeressursane er det viktigaste rammevilkåret for fisketurismen. Og det er ikkje tvil om at utviklinga av reiseliv basert på skattane i havet må kvile på god ressursforvalting. Fisk og andre marine organismar er blant våre viktigaste fornybare ressursar, men samstundes er det avgrensa ressursar. Det er viktig å pleie dei best muleg, så vi alltid kan ha dei. Dette gjeld for fangst og for oppdrett. Og det gjeld for fisketurismen.

Eg er sikker på at de i reiselivsnæringa er einige i at eit positivt omdømme for fisketurismen og reiselivsnæringa er avhengig av at Norge driv god marin ressursforvalting. Ryet vårt som reisemål ute i verda vil tape seg om vi går på akkord med prinsippet om berekraftig forvalting og fiske.

Dette inneber at styresmaktene må overvake utviklinga innan turistbasert fiske. Det kan skje på ulike måtar. Det kan vere fangstrapportering, kontroll, avgrensing i talet på anlegg og båtar eller andre former for regulering. Her inngår også vilkåra for å fiske og reiskapsbruk, omsetning og utførsel av fisk. Forvaltinga må heile tida tilpasse seg, men ein ting er sikkert: Tida for det frie og uregulerte fisket er forbi.

Fisketurisme er ei form for næringsfiske og til større dette fisket vert til viktigare er det at styresmaktene regulerer det. Vårt utgangspunkt er difor at fisketurismen må vere basert på oppleving, ikkje kvantumbasert!

Fisketurisme finst i mange land og vert organisert på ulike måtar. I fleire land reknar dei turist- og fritidsfisket som ein del av totalkvoten for den einskilde bestanden, og fisket vert stogga når totalkvoten er oppfiska. I Norge er ikkje fritids- og turistfisket ein del av totalkvoten, men dette kan endre seg.

Det er også vanleg å avgrense kor mykje den einskilde kan fiske per dag. Dei færraste plassar er det fritt fram for å forsyne seg av dei marine ressursane, på same måte som ingen kan forsyne seg av andre knappe naturressursar. Regelverket for turist- og fritidsfiske i Norge er ikkje spesielt strengt samanlikna med andre land. Dei fleste land har også reglar som set grenser for kor mykje ein reisande kan bring med seg.

Likevel vil eg gjerne understreke at norske styresmakter ønskjer å ha ei liberal haldning til regulering av fisketurismen. Vi ser helst at marint basert reiseliv får utvikle seg naturleg, men det må skje innanfor ressursmessig forsvarlege rammer. Kongekrabben er eit eksempel. Her har Norge ein turistkvote på 2000 hannkrabbar som vert trekt frå totalkvoten. Det har gitt reiselivsbedrifter i Finnmark høve til å ta med turistar på eit svært populært krabbefiske. Elles har vi i Norge valt å regulere sjølve turistfisket gjennom reiskapsavgrensingar. Utanlandske gjester kan berre bruke fiskestang og handsnøre.

I fjor innførde vi i tillegg ein utførslekvote. At det kom ein slik kvote var vel ikkje oppsiktsvekkande for nokon. Men mange meiner at 15 kilo filet per person er for lite. Og vi har fått høyre at utførselskvoten har ført til avbestillingar. Då kan ein kanskje spørje seg om det særleg er fisketuristar som er mest opptekne av mengda fisk dei kan sikre seg som har avbestilt.

Vel så viktig som bruken av reiskapar og utførslekvotar er korleis ein oppfører seg på havet. Fiskeridirektoratet informerer om regelverket, men gode haldningar er grunnleggande. Og her har turistnæringa og den einskilde turistverten ei viktig rolle. Det er øydeleggande for alle seriøse partar å høyre om ”fisketuristar” som på kort tid fangar mange hundre kilo fisk. Det same gjeld rapportar om at store mengder fisk vert kasta. Her har vi ei felles utfordring!

Ei anna side ved fisketurismen er ansvaret som følgjer med å sende gjester ut på sjøen. Det kan vere røffe forhold langs kysten og veret kan fort slå om. Sikkerheit må difor prioriterast høgt, og eg er glad for at dette er tema som skal diskuterast her i dag. I tillegg til sikkerheitsarbeidet må turistbedriftene gjerne informere gjestene om kva fisk som kan fiskast, kor mykje og kva minstemål som gjeld.

Arbeidet med klassifiseringssystemet som skal innviast seinare i dag er eit døme på godt arbeid av næringa og NHO Reiseliv. Eg håpar det vil stimulere anlegga langs kysten til å bli endå betre og vere med å utvikle sikkerheit, kvalitet og kunnskap.

Faktagrunnlag for forvaltinga

Eit solid faktagrunnlag skal ligge til grunn for all marin ressursforvalting. Vi veit i dag for lite om korleis turistfisket påverkar utviklinga av dei lokale fiskeslaga. Det vi veit er at kysttorsken er under press, og Havforskingsinstituttet har tilrådd nullfangst av kysttorsk også i 2007. Vidare veit vi at det i somme fjordar, særleg på Sørlandet og Vestlandet, er lite fisk samanlikna med tidlegare. Det fortel oss at vi må passe på det samla fisketrykket. Sjølv om turistfisket samla er lite i høve til yrkesfisket, kan det ha stor lokal innverknad.

Havforskingsinstituttet har sett i gang eit kartleggingsprosjekt, der også næringa er involvert, og seinare i dag vil Kjell Nedraas fortelje meir om dette. I departementet er vi svært glade for det initiativet reiselivsnæringa sjølv har teke for å dokumentere omfang og verknad av fisketurismen. Fiskeri- og kystdepartementet og NHO Reiseliv er einige om at vi må sjå korleis vi saman kan legge til rette for meir verdiskaping langs kysten. Vi vil difor ta reiselivsnæringa med på råd i aktuelle saker og eg vil her og no invitere NHO Reiseliv til å delta i kysttorsk-gruppa som arbeider med tiltak for vern av kysttorskbestanden.

Marint verdiskapingsprogram

Fiskeri- og kystdepartementet starta det marine verdiskapingsprogrammet i 2006. Programmet legg særleg vekt på bedrifter som går saman i forpliktande nettverk med sikte på å skape meirverdi i arbeidet overfor ulike marknader. I 2007 er Marint verdiskapingsprogram betydeleg utvida og har eit budsjett på 75 millionar kroner. Og – ikkje minst – er det i år lagt inn ei føring om at ein skal ha særleg merksemd retta mot marint basert reiseliv! Vi trur at vi med dette tilbyr eit kraftfullt verkemiddel for å utvikle fisketurismen og andre marine reiselivstilbod!

Nytt i år er også at det marine verdiskapingsprogrammet skal møte utfordringar i samfunn med særlege omstillingsbehov. Ofte er det vel nettopp slike samfunn og tilhøyrande naturområde som er trekkplaster for turistar.

Innovasjon Norge er operatør for programmet og arbeider no med forprosjektet. Totalt er 40 bedriftsnettverk under etablering. Dei spenner over størstedelen av marin sektor og vi kunne gjerne hatt fleire påmeldingar frå reiselivet. Eg oppmodar dykk her med til aktiv bruk av programmet!

Avslutning

Fiskeri- og kystdepartementet ønskjer å opne for aktivitet som gir størst muleg verdiskaping basert på dei marine ressursane, og vi ønskjer at ressursane skal komme både storsamfunnet og lokalsamfunn langs kysten til gode.

Vi ønskjer at reiselivsnæringa skal få høve til å skape verdiar av marine ressursar. Eg har i dette innlegget prøvd å vise at det ikkje treng vere noka konflikt mellom fiskerinæring og reiseliv. Innanfor rammene av forsvarleg forvalting – og med godt samarbeid – er det nok fisk til at begge næringane skal kunne leve og utvikle seg.