Legevakt og akuttmedisin
Artikkel | Sist oppdatert: 12.03.2026 | Helse- og omsorgsdepartementet
Alle kommunar skal ha eit tilbod som dekker behovet befolkninga har for akutt hjelp, inkludert legevakt.
Legevakt
Legevakta er eit viktig ledd i det akuttmedisinske tilbodet utanfor sjukehus. Kommunane har etter helse- og omsorgstenestelova (lovdata.no) ansvar for å sørge for døgnkontinuerleg tilgang til akutt hjelp for alle som oppheld seg i kommunen.
Korleis kommunane vel å organisere legevakta varierer, og er mellom anna avhengig av demografiske og geografiske faktorar. Til dømes kan kommunar inngå legevaktsamarbeid med andre nærliggande kommunar.
Fastlegane sitt ansvar
Fastlegane er ansvarlege for å yte akutt hjelp til listeinnbyggarane sine i kontortida, mens kommunen er ansvarleg for at alle som oppheld seg i kommunen får tilbod om nødvendige helse- og omsorgstenester. Det inneber at det er tilstrekkeleg kapasitet i allmennlegetenesta til å tilby akutt hjelp til innbyggarar som ikkje har fastlege, eller som ikkje er fastbuande i kommunen.
Ved behov for akutt hjelp utanom opningstida til legekontora kan legevakta kontaktast ved å ringe det nasjonale legevaktnummeret 116117.
Legevakta skal i kvart enkelt tilfelle vurdere om akutte tiltak er nødvendige, eller om behandling kan vente til neste dag slik at vedkomande kan oppsøke fastlegen sin.
Akuttmedisin
Ved akutt sjukdom, skade eller behov for akutt hjelp som oppstår på kveld eller natt, blir legevakt kontakta. Ved behov for medisinsk nødhjelp blir akuttmedisinsk kommunikasjonssentral kontakta ved å ringe 113.
Behovet for ambulansetransport blir vurdert ut frå den medisinske tilstanden. Pasienten blir sendt til det sjukehuset som har kompetanse og tilbod til å behandle skaden eller sjukdommen det gjeld.