Historisk arkiv

Kunnskapsministeren om ny PISA-undersøking:

- Alvorlig utfordring for norsk skule

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Noreg ligg under gjennomsnittet i OECD både i naturfag, matematikk og lesing. Dei norske elevane er svakast i Norden i alle faga. Dette viser resultata frå PISA-undersøkinga 2006 som vart offentliggjorde i dag.

For første gong ligg dei norske leseresultata no under gjennomsnittet for OECD.
Noreg ligg under gjennomsnittet i OECD både i naturfag, matematikk og lesing.

Dei norske elevane er svakast i Norden i alle faga, viser resultata frå PISA-undersøkinga 2006 som vart offentliggjorde i dag. Det er ein tilbakegang i matematikk og lesing, men mest i lesing. 

Kunnskapsministeren vil setje i verk tiltak for å betre situasjonen.   

 

PISA (Programme for International Student Assessment) kartlegg kompetansen til 15-åringar i lesing, matematikk og naturfag. 

Se alle resultatene fra PISA 2006 her.

- Vi kan ikkje akseptere at ein av fem elevar les så dårleg at dei har store problem med å forstå informasjon og tileigne seg kunnskap ved å lese. Lesekompetanse er grunnleggjande for all vidare læring og for å kunne fungere i arbeidslivet, seier Bård Vegar Solhjell.

- Mange norske elevar kan ikkje bruke rekning til å løyse enkle problem frå kvardagen. Grunnleggjande forståing for naturfaglege  samanhengar og tenkjemåte er også viktig for å greie seg i eit moderne samfunn, ikkje minst i praktiske situasjonar. Det seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell. Eg vil derfor sette i verk tiltak på både kort og lang sikt. 

Desse resultata stadfester langt på veg det som dei tidlegare undersøkingane viste, men samstundes har det vore ein generell tilbakegang sidan 2000.  For realfaga har vi tal tilbake til 90 - talet som syner at tilbakegangen har skjedd over lengre tid.  

Det er framleis store forskjellar i kompetanse mellom norske elevar medan forskjellane mellom skular er små samanlikna med andre land.
Det er også forskjellane mellom gutar og jentar. Jenter les mykje betre enn gutar, medan gutane presterer noko betre i matematikk. I naturfag er det ingen forskjell mellom gutar og jenter.  

Forskarane som har gjennomført PISA, peiker på fleire moglege forklaringar på dei svake resultata. Mange av forklaringane er knytte til organisatoriske endringar, nye undervisningsmetodar og endra elev- og lærerollar dei seinare åra. Det finst skular som har lykkast med dei nye metodane, men det er mange lærarar som slit med å gjennomføre god opplæring.

Forskarane synte å vere samde om at det som er viktig, er at læraren er god på det han eller ho gjer. Dei peiker også på at det ser ut til at undervisningstida ikkje blir utnytta godt nok i mange skular. Det er mykje aktivitet, men for lite tid blir brukt på læring.  

- Vi må styrkje opplæringa i lesing, auke talet på timar og betre lærarutdanninga, seier Solhjell.

Kunnskapsministeren understrekar at det er nødvendig å gjennomføre tiltak som skal betre opplæringa generelt. I tillegg  trengst det tiltak for å styrkje opplæringa særskilt i lesing og i realfag. Det er dessutan nødvendig med ei strammare oppfølging av resultat frå kommunar og fylkeskommunar. Både lokale og statlege styresmakter må kritisk vurdere ressurssituasjonen i skolen. Læraren si rolle i opplæringa må bli tydelegare. Skolestyringsmaktene har ansvar for å gjere det mogleg for lærarane å ta ansvar, og lærarane må sjølve ta større styring med aktivitetane i klasseromma. 

Tiltak som vil bli sette i verk

Kunnskapsdepartementet vil setje i verk desse tiltak på kort sikt:

  1. Utarbeide rettleiingsmateriell for betre leseopplæring
  2. Kommunane må prioritere dei skulene som har svakast leseresultat i nasjonale prøver
  3. Nasjonal idedugnad med forskarar og sentrale aktørar i sektoren (kommunane, Foreldreutvalet for grunnskulen, lærarorganisasjonane og Elevorganisasjonen) om tiltak for betre opplæring 

På lengre sikt vil nasjonale utdanningsstyresmakter forsterke og justere allereie igangsette tiltak og setje i verk andre tiltak:

  1. Satsing på barnehagane i samanheng med  resultata frå PISA
  2. Vekt på lesing i SFO og leksehjelpsordninga
  3. Fleire timar på barnesteget frå hausten 2008 med prioritering av grunnleggjande dugleikar, særleg i lesing
  4. Meir målrette kompetanseheving for lærarar retta mot spesielle fagområde på nasjonalt nivå og retta lokalt mot skular eller kommunar der kvalitetsvurdering og tilsyn har vist svikt.
  5. Styrkje kompetansen til skuleleiarar og vurdere strengare kompetansekrav og utdanning
  6. Rettleiingsmateriell retta mot foreldra 

Regjeringa vil våren 2008 leggje fram ei stortingemelding om kvalitet i opplæringa med nærmare analyse av tilstanden og med framlegg om strategiar og tiltak.

 

Klikk her for å se pressekonferansen på nett-tv