Historisk arkiv

Reformpause i skulen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Kronikk av kunnnskapsminister Bård Vegar Solhjell, Aftenposten 17.12.07.

Dei siste vekene har PISA-undersøkinga, PIRLS-undersøkinga og dei nasjonale prøvene blitt presenterte. Den første røyken har lagt seg, og vi kan no føre ein nyansert debatt om vegen vidare for norsk skule. 

 

Mykje bra
PISA og dei andre undersøkingane er ikkje endelege dommar over den norske skulen eller det norske samfunnet, slik ein av og til kan få inntrykk av. Det er mykje bra i norsk skule, og på mange område gjer vi det godt. Norske elevar er gode til å uttrykke seg munnleg, og har god samfunnsforståing. Vi inkluderer ein stor del av elevane i skulen slik at mange trivst og tek med seg sjølvtillit i livet. Mange er fagleg sterke og tek høg utdanning, og vi er eit av dei landa i verda som har det høgaste utdanningsnivået blant vaksne.

Under gjennomsnittet
Resultata er likevel nedslåande, fordi dei er for dårlege. For realfaga har vi tal tilbake til 90-talet som syner at tilbakegangen har skjedd over lang tid. Medan Noreg før hadde resultat nær gjennomsnittet i OECD, ligg vi no tydeleg under gjennomsnittet i både lesing, matematikk og naturfag. Særleg har tilbakegangen vore stor i lesing sidan 2000. Undersøkingane viser også at det er større forskjellar mellom norske elevar enn elevar i andre nordiske land, og at mange elevar manglar grunnleggjande dugleikar både i lesing og i rekning. 

Må mestre lesing
Særleg alvorleg er det at så mange les dårleg. Lesekompetanse er viktig for all vidare læring og for å kunne fungere i arbeidslivet. Å kunne lese gjer oss fri – og det gir oss jobb. Vi kan ikkje akseptere at kvar femte elev les så dårleg at dei har store problem med å forstå informasjon og tileigne seg kunnskap. Mange norske elevar kan heller ikkje bruke rekning til å løyse enkle problem i kvardagen. Desse utfordringane er viktige i eit samfunnsmessig perspektiv. Vi må unngå at skulen er med på å sementere klasseforskjellar.  

Enkle svar ofte feil
Mange vil gjerne ha enkle svar på kva vi kan gjere. Andre vil vite kven og kva som har skulda for resultata. Men dei enkle svara er gjerne feil, dei enkle skuldingane nokså uinteressante. 

Nokre peiker på omfattande bruk av testing og offentleggjering av resultata som løysinga på problema i skulen. Men PISA-direktør Andreas Schleicher åtvarar Noreg mot å tru på dette. Han seier at det vil føre til rangering i a- og b-skular, ikkje forbetring. Utfordringane våre ligg i skilnadene mellom elevar i den enkelte skulen. Forsking på omfattande bruk av testar med offentleggjering for å betre resultata er kritisk til om dette gir dei resultata ein ønskjer, og i England får regjeringa kritikk for at ei omfattande satsing på testing og offentleggjering ikkje har gitt betre resultat i den engelske skulen. 

Kva gjer vi så? Vi skal ikkje snu alt på hovudet og forsøke noko heilt nytt. Vi skal ha ei reformpause. Vi skal utvikle og forbetre det beste i skulen. Resultata tyder på at vi har ein særleg  jobb å gjere med lesing, men også at vi må sjå etter meir grunnleggjande årsaker. 

Sende tydeleg signal
Vi må våge å seie at lesing er det viktigaste barn lærer på skulen. Vi må sende eit tydeleg signal om at elevar som slit med lesing, skal prioriterast, og at lesing skal prioriterast i skulen. Dette byrjar med språkleg stimulering i barnehagane. Vi veit at det er ein samanheng mellom mange år i barnehage og resultat i lesing. Vi må sjå til at lesing blir ein del av alle fag, også etter fjerde steget. Denne regjeringa har allereie innført obligatoriske kartleggingsprøver i lesing og rekning på andre steget. Vi har styrkt undervisninga med fem nye klokketimar frå hausten 2008, av desse to i norsk. Vi går no gjennom korleis vi kan sikre at desse timane i stor grad vil gå til lesing. Skulen må også trekkje foreldra med, og vise korleis vi som foreldre kan hjelpe barna våre.  

Læraren er nøkkelen
Mange spør etter tiltak. Eg seier: Lærarane er det viktigaste tiltaket. Læraren er nøkkelen til betre kvalitet i skulen. Vi må ha dyktige lærarar som vi gir tillit og ansvar for læringa til elevane. I evalueringa av lesestrategien melder forskarane at mange lærarar etterlyser kompetanse og betre tilgang til fagekspertisen ved universitet og høgskular. Dei opplever at dei treng denne kompetansen for å gjere den jobben dei skal med å betre leseopplæringa.  

Fagleg påfyll
Her skal dei få støtte. Fagleg påfyll er ein nødvendig del av lærarjobben. Norske lærarar tek mindre etter- og vidareutdanning enn mange av sine europeiske kollegaer – ikkje fordi dei ikkje vil, men fordi vi ikkje har gitt dei gode nok vilkår. Vi står framfor eit særs viktig arbeid med å gjere lærarutdanninga betre, og da snakkar vi både om det faglege og pedagogiske nivået og strukturen i utdanninga.  

Eg vil også no vurdere om vi skal ha sterkare kompetansekrav for å bli tilsett som rektor, og om vi skal få eit nasjonalt system for utdanning av rektorar i Noreg. Eg trur rektorstillinga og andre leiarjobbar i skulen er særs viktige for å betre skulen. 

Dei svakaste tapar
Ansvar for eiga læring er ein god intensjon og eit viktig mål i seg sjølv, men i praksis har det ikkje fungert godt, særleg for dei yngste elevane. Læraren har fått ei tilbaketrekt rolle, og elevane har i altfor stor grad blitt overlatne til seg sjølve. Særleg ser dette ut til å ha gått ut over dei svakaste elevane som ofte treng struktur og støtte i læringsarbeidet. Mykje tyder på at mange lærarar ikkje har den kompetansen som dei nye metodane krev. Når vi samstundes får rapportar om at lærarane ikkje har nødvendig kompetanse i dei faga dei underviser i, er det ikkje så overraskande at det ikkje går så bra. 

Djuptgripande utfordringar
Forskarane som har gjennomført PISA-undersøkinga, har peika på store og djuptgripande utfordringar for norsk skule. Nye metodar og organiseringsformer blir tekne i bruk, men etter ei tid viser det seg at det er store spørjeteikn ved dei. Forskarar som har gjort observasjonar i norske klasserom, melder at tida blir brukt på mykje anna enn læring. Vi kan ikkje skape ein god skule utan at dei som er i skulen, får brukt tida si rett. Lærarane skal gjere det dei kan: å undervise. Elevane skal gjere det dei har bruk for: å lære. 

Vi må gi skulen stabilitet, samstundes som vi må endre og forbetre tilhøve som ikkje er gode nok. For å få til det må vi samarbeid med rektorar, lærarar og elevar om endringane og sikre arbeidsro til å ta tak i dei store utfordringane.