Historisk arkiv

Nasjonale prøvar skal betre opplæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Resultata frå dei nasjonale prøvane i lesing og rekning varierer mykje mellom elevane på kvar enkelt skule og noko mellom dei ulike skulane. – No har skulane fått ei oversikt som viser kor dei må gjere ein innsats for å betre opplæringa, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

Utdanningsdirektoratet arrangerte i september nasjonale prøvar i rekning og lesing på engelsk og norsk for 5. og 8. steget. Desse prøvane vart gjennomførde utan store problem og protestar frå elevar og lærarar. Direktoratet offentleggjorde i dag resultata på nasjonalt, fylkes- og kommunalt nivå.

– Dei nasjonale prøvane er endra etter at regjeringa vår tok over for to år sidan, og dei skal no vere eit verkty både for at ein lokalt kan forbetre undervisninga og for at nasjonale styresmakter skal kunne målrette innsatsen innanfor særskilte fagområde og for enkelte elevgrupper eller lærarar. Men det er viktig at vi både lokalt og sentralt tek fatt i utfordringane med ein gong og set i verk nødvendige tiltak, seier Bård Vegar Solhjell.

Formålet med dei nasjonale prøvane er først og fremst at skulane og kommunane skal få informasjon om kva elevane kan. Regjeringa har ikkje lagt til rette for offentleg rangering av skular. Etablering av ein nasjonal skala gjer at skulane og kommunane kan samanlikne sine eigne resultat med resultata til andre kommunar og med gjennomsnittet for heile landet. På grunn av store endringar i prøvane kan resultata frå i år ikkje samanliknast med tidlegare år. Når ein neste år gjennomfører nye nasjonale prøvar, vil skulane kunne sjå utvikling i resultata over tid.

Resultata frå dei nasjonale prøvane viser at det er klåre forskjellar både mellom kommunar og mellom skular. – Mange skular har eit svært godt resultat, men samtidig viser prøvane at det er altfor mange elevar som har for dårlege grunnleggjande dugleikar, seier Solhjell.

Mer informasjon hos Utdanningsdirektoratet

Se pressekonferansen på nett-tv her