Historisk arkiv

Inga betring i lesing på 4. og 5. årssteget

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

PIRLS-undersøkinga viser ingen framgang frå 2001 i lesedugleiken hos elevar på 4. og 5. årssteget. Dei norske elevane har dei svakaste resultata i Norden og mellom dei OECD-landa som er med i denne undersøkinga.

PIRLS-undersøkinga viser ingen framgang frå 2001 i lesedugleiken hos elevar på 4. og 5. årssteget. Dei norske elevane har dei svakaste resultata i Norden og mellom dei OECD-landa som er med i denne undersøkinga.

 

 

– Dette er ikkje godt nok. Lesing er grunnleggjande for all vidare læring. Det er særs alvorleg at så mange norske barn ikkje har lært å lese ordentleg. Vi må i åra framover satse meir på leseopplæring i skulen og på språkstimulering før skulealder, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

Progress in International Reading Literacy Study (PIRLS) kartlegg leseinnsats, lesedugleik og haldningar til lesing blant elevar på fjerde årssteget. Sverige er best i Norden med Danmark rett bak. Deretter kjem Island. Noreg ligg sist blant dei OECD-landa som er med i undersøkinga.

Bård Vegar Solhjell seier at det er eit godt teikn at det er blitt færre svake lesarar. Det er viktig å fange opp dei som ikkje lærer å lese tidleg og å setje i verk tiltak raskt.

– Eg har merka meg at forskarane bak PIRLS finn at tidleg språkstimulering og det å ha gått i barnehage har positiv innverknad på lesedugleiken til elevane når dei kjem i skulen.  Det er i tråd med den satsinga regjeringa har gjort med omsyn til tidleg språkstimulering i barnehagen, seier Solhjell.

Strategiplanen ”Gi rom for lesing” vart lansert i 2002. Evalueringa av strategiplanen er positiv, men ein kan så langt ikkje sjå at tiltaka i planen har ført til auka lesedugleik.

– Resultata frå PIRLS viser teikn på at det blir lagt mindre vekt på systematisk leseopplæring etter fjerde årssteget. Dette stadfester inntrykket av at leseopplæring framleis først og fremst blir sett på som innøving som kan avsluttast når eleven meistrar den elementære lesinga. Dette må vi endre på, seier Solhjell.

Han er også oppteken av forskjellane mellom gutar og jenter. Dette viser seg særleg i lesing. Jenter les meir enn gutar, og dei har meir positive haldningar til lesing. Å få vekk slike skilnader er ei stor utfordring for skulen og for nasjonale styresmakter.

Les meir om PIRLS på Utdanningsdirektoratet sin heimeside.