Korleis ser europeiske kommunepolitikarar på rolla som folkevald og korleis oppfatter dei kommunen sin plass andsynes andre aktørar sentralt og lokalt? På kva områder skil norske lokalpolitikarar seg frå lokalpolitikarar i andre europeiske land? Dette er nokre av spørsmåla som vert tekne opp i rapporten der resultat frå ei samanliknande undersøking av kommunestyrerepresentantar i 14 land i europa vert presentert.

Problemstillingane i rapporten er særleg knytte til korleis dei valde representantane i dei ulike landa opplever rollen som representant, stillinga til kommunen i lokalsamfunnet, fordelinga av makt og påverking i kommunen, kontaktmønsteret til representantane, forholdet til den kommunale administrasjonen, haldninga til reformer av den kommunale organisasjonen, tidlegare erfaring, parti- og organisasjonstilknytning, og sosial bakgrunn.