Norske kommunestyrerepresentantar i europeisk lys

Rapport frå ei undersøking av representantar i 14 ulike land

Korleis ser europeiske kommunepolitikarar på rolla som folkevald og korleis oppfatter dei kommunen sin plass andsynes andre aktørar sentralt og lokalt? På kva områder skil norske lokalpolitikarar seg frå lokalpolitikarar i andre europeiske land? Dette er nokre av spørsmåla som vert tekne opp i rapporten der resultat frå ei samanliknande undersøking av kommunestyrerepresentantar i 14 land i europa vert presentert.

Problemstillingane i rapporten er særleg knytte til korleis dei valde representantane i dei ulike landa opplever rollen som representant, stillinga til kommunen i lokalsamfunnet, fordelinga av makt og påverking i kommunen, kontaktmønsteret til representantane, forholdet til den kommunale administrasjonen, haldninga til reformer av den kommunale organisasjonen, tidlegare erfaring, parti- og organisasjonstilknytning, og sosial bakgrunn.