Tildelingsbrev, instruksar og årsrapportar

Tildelingsbrev og instruksar frå departementa og årsrapportar frå underliggjande verksemder.

Tildelingsbrev og instruksar er det sentrale styringsinstrumentet frå eit departement til ei underliggjande verksemd. Tildelingsbrevet skisserer økonomiske rammer og gjer greie for prioriteringar, resultatmål og rapporteringskrav for verksemdene. Tildelingsbreva blir sende til verksemdene årleg etter at statsbudsjettet er handsama i Stortinget.

Årsrapporten skal gi eit dekkande bilde av verksemda sine resultat og gi departementet grunnlag for å vurdere korleis ein oppnår sine mål og bruk av ressursar. Årsrekneskapen er ein del av årsrapporten. Rapporten omtalar også intern styring i verksemda og kontrollopplegg og viktige framtidsutsyn.