Historisk arkiv

Tek lovtolking til etterretning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Gjeldande regelverk tillet ikkje at kommunane plasserar framtidige inntekter frå konsesjonskraft i finansmarknaden. Dette er konklusjonen til Lovavdelinga i Justis- og politidepartementet.

Gjeldande regelverk tillet ikkje at kommunane plasserar framtidige inntekter frå konsesjonskraft i finansmarknaden. Dette er konklusjonen til Lovavdelinga i Justis- og politidepartementet.

Dette er ei anna tolking av lova enn den Kommunal- og regionaldepartementet kom fram til i 2002. Då vurderte departementet om Vik kommune gjennom finansielle avtalar kunne få utbetalt framtidige konsesjonskraftinntekter og plassera desse i finansmarknaden. Departementet konkluderte med at dette ikkje var i strid med lova, føresett at kommunen ikkje gjekk inn i produkt med høg risiko.

- Frå fleire hald er det stilt spørsmål ved denne tolkinga. Før jul bad eg difor Lovavdelinga i Justis- og politidepartementet vurdera denne saka, seier kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Lovavdelinga, som er regjeringa sitt juridiske ekspertorgan, har no kome fram til ein annan konklusjon.

- Eg tek det til etterretning og vil leggja konklusjonen frå Lovavdelinga til grunn for det vidare arbeidet med regelverket, seier Kleppa.

- Eg kjem no til å senda eit brev til alle kommunane og fylkeskommunane i landet og gjera dei merksame på at regelverket ikkje opnar for å forskottera framtidige inntekter.

Kleppa er likevel klar på at konklusjonen frå Lovavdelinga ikkje rokkar ved kommunane sitt ansvar.

- Fylkesmennene har slått fast at dei åtte såkalla Terra-kommunane braut lova på fleire punkt. Det er på det reine at kommunane har investert i produkt med høg finansiell risiko. Om dei ikkje hadde gått inn i risikoinvesteringar, hadde dei hatt pengane sine enno, seier statsråden

Kommunalministeren vil gjera sitt for å hindra at noko liknande skjer igjen.

- I eit departement gjer tilsette lovfortolkingar kvar einaste dag. Eg vil no foreta ein gjennomgang av departementet sine rutinar for denne typen saker. I tillegg har Riksrevisjonen varsla ein gjennomgang av denne spesielle saken, seier Kleppa.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.