Historisk arkiv

Fleire kvinner inn i kommunale styrerom

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Alle styre i kommunalt eigde aksjeselskap skal ha minst 40 prosent kvinner. Lovendringa tek til å gjelde frå nyttår. – Kommunale selskap forvaltar store verdiar. Dei treng både menn og kvinner i styra sine, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Alle styre i kommunalt eigde aksjeselskap skal ha minst 40 prosent kvinner. Lovendringa tek til å gjelde frå nyttår. – Kommunale selskap forvaltar store verdiar. Dei treng både menn og kvinner i styra sine, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionalministeren tok initiativ til å endre kommunelova for å sikre at kommunane har kjønnsbalansert samansetjing i styra i aksjeselskap der dei eig minst 2/3 av aksjane. Lova gjeld frå nyttår med ei overgangsperiode på 2 år.

- Det er ingen grunn til at kommunalt eigde selskap ikkje skal vere underlagt dei same reglane for kjønnsrepresentasjon som statsaksjeselskap. Kommunane bør ta eit samfunnsansvar for jamstelling. I dag er berre 30 prosent av dei eigarvalde styremedlemmene i desse selskapa kvinner, seier Navarsete.

Dei nærare 1500 aksjeselskapa som norske kommunar eig, forvaltar store felles verdiar.

- Brei representasjon blant styremedlemmer sikrar dei beste løysingane for selskapa. Slik får selskapa også nytte den kompetansen kvinner har. Eg er glad for at regjeringa har fått brei oppslutnad om dei nye krava, seier Navarsete.

Noreg er, så langt departementet kjenner til, det første europeiske landet som innfører eit absolutt krav til kjønnsbalanse i kommunalt eigde aksjeselskap.

Andre aksjeselskap enn dei der kommunar eller fylkeskommunar eig minst 2/3 av aksjane, blir ikkje omfatta av den nye lova.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.