Historisk arkiv

- Sett kvinnene på topp

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunalminister Liv Signe Navarsete er ikkje nøgd med kvinnedelen i kommunestyra. - Fleire kvinner må med. Lokalparti og lister må sette kvinner på topp, utfordrar statsråden.

Kommunalminister Liv Signe Navarsete er ikkje nøgd med kvinnedelen i kommunestyra. - Fleire kvinner må med. Lokalparti og lister må sette kvinner på topp, utfordrar statsråden.

Ei ny informasjonsbrosjyre frå Kommunal- og regionaldepartementet viser at måten vallistene blir sett opp på har mykje å seie for kor mange av kvart kjønn som blir valde inn i kommunestyra. Denne brosjyren blir no sendt til alle lokale partilag og lokale lister som stiller ved neste lokalval.

- Dersom partia verkeleg vil auke kvinnerepresentasjonen, er oppskrifta enkel: Plasser annankvar kvinne og mann på listene og gi like mange kvinner som menn røystetillegg. Og husk at den mest synlege plassen er førsteplassen, seier statsråden.

Ho meiner at nominasjonsprosessane må bli opnare, og at nominasjonskomiteane må få med fleire kvinner.

- Det er lett å spørje dei ein kjenner frå før om å stå på vallister. Difor er det viktig å få inn breidde allereie i nominasjonskomiteane. Vi har framleis kommunestyre her i landet med berre 10 prosent kvinner – altså 90 prosent menn. Eg trur breidde og mangfald gir meir kreativitet og betre løysingar på kommunane sine utfordringar. Ikkje minst vil det kunne bidra til å fornye lokaldemokratiet vårt, seier statsråden.

No er det 37,5 prosent kvinner i norske kommunestyre. Berre 23 prosent av ordførarane er kvinner og det er ein like liten del kvinner som styrer viktige kommunale styre, råd og utval.

- Før førre lokalval, var 23 prosent av listetoppane kvinner. Den delen må aukast, og det gjeld både i mitt eige og andre parti, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.