Historisk arkiv

Gratisferje på sambandet Grytøy - Sandsøy - Bjarkøy i Troms

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

26. mars startar Kommunal og regionaldepartementet opp forsøksverksemd gratisferje på sambandet Grytøy - Sandsøy - Bjarkøy.

26. mars startar Kommunal og regionaldepartementet opp forsøksverksemd gratisferje på sambandet Grytøy - Sandsøy - Bjarkøy.

- Som ein del av det distriktspolitiske arbeidet vil eg no sette i verk ei forsøket med gratisferje på sambandet Grytøy - Sandsøy – Bjarkøy, seier Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Forsøket skal gå over tre år.

Formålet med forsøket er å få fram betre kunnskap om kva konsekvensar gratisferje kan gi for små øysamfunn, med vekt på verknader for næringsliv og innbyggjarar.

- Er det lettare å bli buande når jobbreisa er gratis? Vil fleire busetje seg på øyane? Vil fritidsreisene auke? Vil hytteeigarane nytte hytta si oftare når ferja er gratis? Vil lokalbutikkar og lokal service på øyane få fleire eller færre kundar? Vil det påverka etablering av nye verksemder på øyane? Dette er noko av det vi vonar å finne ut av gjennom forsøksordninga, seier kommunalministeren. Forsøksordninga skal evaluerast gjennom å måle før- og ettersituasjonen.

Forsøksverksemda vert utarbeidd i tett samarbeid med Troms fylkeskommune som får ansvaret for iverksetjinga av tiltaket, og som har ansvaret for sambandet.

Det skal og vere eit forsøk med gratisferje i Sogn og Fjordane  på  sambandet Daløy – Haldorneset. Vi legg ikkje opp til at det skal etablerast fleire forsøk med gratis ferje no, seier statsråden.  

Les tilsegnsbrevet frå Kommunal- og regionaldepartementet til Troms  fylkeskommune (pdf).

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.


Foto: Agnar Kaarbø/KRD.