Harstad og Bjarkøy slår seg saman frå 1. januar 2013 etter ønske frå kommunane sjølve. Kommunane har vore gjennom ein langvarig og grundig prosess.

- Dette er nok eit godt døme på lokale prosessar som førar til samanslåing fordi kommunane sjølv vil det. Eg ønskjer kommunane lukke til i det vidare arbeidet, seiar kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Etter at Mosvik og Inderøy slår seg saman i 2012, vil dette gje 428 kommunar i Noreg.

Den nye kommunen skal heite Harstad kommune og vil få i underkant av 24 000 innbyggjarar. Kommunestyret skal vere samansett av 35 representantar, men i ein overgangsperiode fram til neste kommunestyreval skal kommunestyret bestå av kommunestyret i gamle Harstad supplert med to medlemmar frå kommunestyret i gamle Bjarkøy.

Nye Harstad kommune vil etter samanslåinga få eit inndelingstilskot som består av eit basistilskot og eit småkommunetilskot. Departementet vil rekne ut det endelege tilskotet i samband med budsjettet for 2013.

Kommunesamanslåinga vil også bidra til etableringa av Bjarkøysambandet, tunnel og bru mellom Grytøy og Bjarkøy og mellom Grytøy og Sandøy i Bjarkøy kommune. Departementet vil oppretthalde lovnadane frå tidlegare regjeringar og gjev 20 millionar kroner i støtte til realiseringa av Bjarkøysambandet.

- Eg ønskjer innbyggjarane lukke til med betre kommunikasjonsmoglegheiter. Det vil gjere det enklare å byggje ein felles identitet i den nye kommunen, seier Navarsete.

Samanslåinga blei stadfesta i statsråd 24. juni 2011.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.