Eit kulturbudsjett med tydelege prioriteringar

Regjeringa sin kulturpolitikk skal leggje til rette for eit kulturliv som veks ut frå lokalt engasjement, prega av mangfald, fridom og integritet. Difor satsar regjeringa på ei bevisst spreiing av løyvingar ut i heile landet og å gå gjennom ordningar for å sikre at mest mogeleg av pengane blir brukt på å lage kunst og kultur, og minst mogeleg til unødig byråkrati og administrasjon. I framlegget til kulturbudsjett aukar regjeringa løyvinga til 12,5 milliardar kroner. Dette er ein auke på 262 millionar kroner frå 2014. I tillegg får spelemidla til kultur-, idrett og frivillig sektor i 2015 ein auke på 473 millionar kroner, hovudsakleg grunna endring av tippenøkkelen.

FOTOSTRØM