Historisk arkiv

Paralympisk ærespris til Nils Erik Ulset

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa sin paralympiske ærespris for 2010 er tildelt langrennsløpar og skiskyttar Nils Erik Ulset. Kulturminister Anniken Huitfeldt delte ut æresprisen på festen for dei norske deltakarane i OL og Paralympics laurdag 17. april 2010.

Regjeringa sin paralympiske ærespris for 2010 er tildelt langrennsløpar og skiskyttar Nils Erik Ulset. Kulturminister Anniken Huitfeldt delte ut  æresprisen på festen for dei norske deltakarane i OL og Paralympics laurdag 17. april 2010.

Nils Erik Ulset representerer fleire paralympiske idrettsgreiner med deltakarar frå mange land og hard konkurranse. Gjennom fleire år har han vore blant dei fremste i langrenn og skiskyting. Ulset deltok i 2010 i sitt tredje paralympics og tok gull og sølv i skiskyting, sølv på 20 km langrenn og bronse på stafetten.

Juryen meiner Nils Erik Ulset har utmerkt seg som ein særs god representant og rollemodell for den norske troppen, for idretten og for Noreg.

Den paralympiske æresprisen blir delt ut til idrettsutøvarar som har vist spesiell innsats og markert seg i Paralympics. I vurderinga har juryen lagt vekt på plasseringar, kvaliteten på prestasjonane og korleis utøvaren har framstått som rollemodell. I juryen for 2010 sat idrettspresident Tove Paule, leiar av troppen til Paralympics Cato Zahl-Pedersen og avdelingsdirektør i Kulturdepartementet Ole Fredriksen.

Prisen vart delt ut for første gong i 2002. Då gjekk prisen til ispiggaren Ragnhild Myklebust. I 2006 gjekk prisen til det paralympiske kjelkehockeylaget og i 2008 til symjaren Cecilie Drabsch Norland.