Historisk arkiv

Mat og kulturlandskap: FjellStreif i Rosendal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Mat og kulturlandskap: Rosendal FjellStreif byr på opplevingar i eit nasjonalparklandskap og opp i fjellet. I helga vert det Streif i fjellheimen ovafor Rosendal i Hordaland.

Mat og kulturlandskap: Rosendal FjellStreif byr på opplevingar i eit nasjonalparklandskap og opp i fjellet. I helga vert det Streif i fjellheimen ovafor Rosendal i Hordaland.

Bonden sitt landskap 
- Fysisk aktivitet, lokal matkultur og opplevingar i bonden sitt landskap er berebjelkane i Streif-konseptet. I sommarhalvåret er beitebruk i fjellheimen viktig som "næringsbank" for småfehaldet, så vel som rekreasjonskjelde for fastbuande og tilreisande. 

 Frå torsdag 2. august til sundag 5. august ynskjer Rosendalbygda velkomen til FjellStreif 2007. I fire dagar skal fjellet og folket stå i sentrum. Det tettpakka programmet gjev høve til spanande opplevingar for røynde fjellfolk så vel som friluftsglade turfolk. Frå 501 til 1426 meter over havet kan du boltra deg i fjell fire dagar til endes. Og om ikkje det var nok; nede i låglandet vert det spanande biletframsyningar, musikk, lyrikk, lokal mat og andre kulturelle innslag.

Løyving frå LMD
Landbruks- og matdepartementet (LMD) har i 2007 løyvd 100.000 kroner til Fylkesmannen i Hordaland til 10 Streif-arrangement  i fylket. Departementet legg vekt på at arrangementa skal ha fokus på kulturlandskapsbasert næringsutvikling og verdiskaping, til dømes knytt opp mot opplevingsturisme og reiseliv.

Mat og kulturlandskap: Det vert FjellStreif i Rosendal i Hordaland 2-5. august