Historisk arkiv

Klimakonferanse overførast på nett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Følg med på innlegga til EUs klimakommissær Connie Hedegaard, miljøverminister Bård Vegar Solhjell og Gambias miljøvernminister Fatou Gaye på nett. Klimakonferansen i Oslo 7. mars blir overført direkte på regjeringen.no.

Følg med på innlegga til EUs klimakommissær Connie Hedegaard, miljøverminister Bård Vegar Solhjell og Gambias miljøvernminister Fatou Gaye på nett. Klimakonferansen i Oslo 7. mars blir overført direkte på regjeringen.no

Noreg vil spele ei aktiv rolle i arbeidet med å kome fram til ein ny internasjonal klimaavtale for alle land. Difor har miljøvernminister Bård Vegar Solhjell invitert til ein konferanse for å diskutere innhaldet i ein ny avtale.

– Kina har no høgare klimagassutslepp enn USA, og utsleppsveksten framover vil skje i utviklingsland. Vi må diskutere kva dette betyr for utforminga av ein ny klimaavtale. Hovudutfordringa er å få til ein avtale som inkluderer alle land, og som er effektiv og rettferdig, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Forhandlingane om ein global og juridisk bindande klimaavtale skyt fart i 2013, og skal vere sluttført i 2015. Gjennom klimakonferansen vil Solhjell klargjere kva for klimascenario vi står overfor i verda og kva det inneber for ein ny avtale og norsk lågutsleppsstrategi.

Deltakarane vil vere politikarar, forskarar, næringslivsaktørar, kommentatorar og folk frå miljøorganisasjonane.

Følg konferansen på nett her frå kl 09.30.

Tid: Torsdag 7. mars kl 09.30 – 16.30

Stad: Radisson Blu Scandinavia, Holbergs plass

Les hele programmet her (pdf).

EUs miljøkommissær Connie Hedegaard og miljøvernminister Bård Vegar Solhjell deltar i konferansen. Foto: Miljøverndepartemetnet.
EUs klimakommissær Connie Hedegaard og miljøvernminister Bård Vegar Solhjell deltar i konferansen. Foto: Miljøverndepartementet.