Godkjenning av fylkesdelplan for vindkraft i
Hordaland 2000-2012
Hordaland fylkeskommune
Avdeling for regional utvikling
Postboks 7900
5020 BERGEN | |
Dykkar ref | Vår ref | Dato |
199804264-150/712/LIBJ | 2001/1222- P/KMS | |
| Ark: | |
|
Godkjenning av fylkesdelplan for vindkraft i Hordaland
2000-2012
Miljøverndepartementet har motteke
fylkesdelplan for vindkraft i Hordaland for sentral godkjenning i
brev datert 2. april 2001. Miljøverndepartementet har handsama
planen i samråd med Olje- og energidepartementet og Nærings- og
handelsdepartementet.
Vedtak:
Med dei merknadene som er nemnde nedanfor, godkjenner
Miljøverndepartementet i medhald av § 19-4 i plan- og bygningsloven
og kongeleg resolusjon av 16. mars 1990, fylkesdelplan for
vindkraft i Hordaland, vedteken i fylkestinget den 12. desember
2000.
Merknader frå departementa
Det er ei vedtatt målsetting å
bygge ut 3 TWh vindkraft innan 2010. Hordaland fylkeskommune har
satt seg som mål at fylket skal bidra med 1/10 av det nasjonale
målet, dvs. 300 GWh. Fylket meiner at vindkraft er eit tema det er
naturleg å sjå i eit regionalt perspektiv, ettersom vindkraftanlegg
er synlege over kommunegrensene. Energiproduksjon er eit tema av
nasjonal interesse. Ved å utarbeide ein fylkesdelplan ønskjer
fylket å liggje i forkant og dermed vere med på å leggje premisser
for framtidig utbygging av vindkraft i Hordaland. Planen skal vere
med på å auke kunnskapsnivået i fylket. Den er meint å vere til
nytte for både utbyggjarar, politikarar i kommunar og
fylkeskommune, og andre som kjem i kontakt med spørsmål knytt til
vindkraft.
Innhaldet i planen
Fylkesdelplanen inneheld 6 kapittel. Kapittel 1 gir først ei
kortfatta orientering om energisituasjonen i Noreg. Deretter blir
behovet for nye fornybare energikjelder drøfta i lys av
klimaproblematikken. Ein tek så for seg dei statlege måla for
vindkraftutbygging, før det blir gjort greie for mål for
planarbeidet, samt organisering av planprosessen, avgrensing og
fasar.
Kapittel 2 gjer nærare greie for
vindkraft som energikjelde. Dette omfattar oversikt over den
historiske utviklinga av denne energiformen, ein teknisk oversikt
over vindkraftverk, og ein gjennomgang av forventa inntekter for
kommunar og grunneigarar der det blir etablert vindkraftverk.
Vidare blir økonomiske verkemiddel som kan stimulere utbygging,
gjennomgått, samt det gjeldande lovverket på området. Til slutt
blir det gitt ein kortfatta oversikt over dei planer som ligg føre
for vindkraft i Hordaland.
Kapittel 3 omhandler høve for
næringsutvikling basert på vindkraft i Hordaland. Det blir
argumentert med at industrien i Hordaland har kompetanse som gir
eit godt utgangspunkt for å produsere delkomponentar til produksjon
av vindmøller. Til slutt blir det gitt ein tabellarisk oversikt
over verkemidlar for å støtte næringsutvikling.
I kapittel 4 blir miljøkonfliktar
drøfta ved etablering av vindkraftverk. Ein omtaler visuelle
verknader, støy, faren for ulukker i samband med drift av
vindmøller, konsekvensar for det biologiske mangfaldet,
konsekvensar for kulturmiljø og friluftsområde, og andre omsyn. I
tillegg blir behovet for samlokalisering mellom vindmøller og andre
større konstruksjonar for å samle inngrep drøfta.
I kapittel 5 blir mål for
vindkraftutbygging og næringsutvikling basert på vindkraft i
Hordaland presentert. For vindkraftutbygginga er dei overordna måla
at det skal byggjast ut minst 300 GWh vindkraft i fylket innan
2010, og areal med godt energipotensial og lavt konfliktnivå skal
prioriterast. For nærings- og teknologiutviklinga er målsettinga at
fylket skal vere leiande i landet på produksjon av minst to
delkomponentar til vindmøller, og produsere og levere minst 50 % av
komponentane til vindmøllene som blir reist i fylket. Fylket skal
òg ha kompetanse for denne typen produksjon på høgskulenivå og i
forskingsmiljø slik at næringslivet er sikra naudsynt
kompetanse.
I kapittel 5 er det også, med
heimel i plan- og bygningsloven § 19-1, utarbeida retningsliner for
oppstilling av vindmøller i fylket. Desse skal gjerast gjeldande
for planlegging og forvaltning på kommunalt, fylkeskommunalt og
regionalt statleg nivå. Til slutt blir tre ulike strategiar
gjennomgått for korleis målsettingane i fylkesdelplanen kan bli
nådd: velje gode lokalitetar og utforming av vindkraftverk,
stimulere til utbygging av vindkraftanlegg i fylket gjennom
planlegging, informasjon, kompetanse, rettleiing og samarbeid, og
stimulere til næringsutvikling og teknologi og fagkompetanse basert
på vindkraft.
I det siste kapittelet i
fylkesdelplanen, kapittel 6, blir det gjort greie for ein analyse
av moglege vindkraftareal i Hordaland. Asplan Viak Bergen har på
vegne av fylkeskommunen utført ein analyse av slike areal ved hjelp
av digitale kartdata og geografiske informasjonssystem. Analysen er
gjort i 10 kystkommunar i fylket. Det er utarbeidd to typar kart
for dei 10 kommunane: konfliktkart, som syner tema som er i
konflikt med vindkraft (til dømes kulturminner), og
vindressurskart, som syner vindkraft-potensialet. Ved å summere
konfliktane for ulike faktorar har ein kome fram til områder med
ingen konflikt, sannsynleg konflikt, sannsynlig høg konflikt, og
direkte konflikt. Ved å halde saman denne informasjonen med
vindressurskarta har ein kome fram til område med lav konflikt og
gode vindressursar.
Fylkeskommunen strekar under at
analysene er meint som hjelp til å finne lokalitetar der ein kan
starte å leite etter gode vindkraftareal. Samstundes kan den gi ein
indikasjon på kva område ein bør vere varsam i forhold til. Det
vert understreka ein del tema som ikkje er inkludert i analysen,
slik som mellom anna dei visuelle verknadene av eventuelle anlegg
på landskapet, og kapasiteten på strømforsyningsnettet.
Til slutt blir tre ulike scenarier
for vindkraftutbygging i fylket presentert: teoretisk potensial
(ingen konflikter og årsmiddelvind over 7,5 m/s), gode
vindressursar og nærleik til veg (ingen registrerte konfliktar,
gode vindressursar, vind over 8 m/s og ikkje meir enn 1 km til
vei), og svært gode vindressursar og nærleik til veg (som forrige
scenarie, men med vind over 8,5 m/s). Vindkraftpotensialet for dei
tre scenariene er hhv. 8,1 TWh, 3,35 TWh, og 0,97 TWh.
Departementa sine vurderingar
Miljøverndepartementet vil for det
første seie at det er positivt at det blir utarbeida regionale
planar for vindkraft. Departementet meiner slike planar vil kunne
bidra til lokalisering av vindkraftverk på arealer der konfliktane
med andre miljø- og utbyggingsomsyn er lågast mogleg. Slike planar
vil kunne vere nyttige hjelpemiddel for kommunar, grunneigarar,
tiltakshavarar og andre som er engasjert i vindkraftutbygging.
Departementet meiner
fylkesdelplanen for vindkraft frå Hordaland gir ein god og
lettfatteleg presentasjon av vindkraftfeltet. Den gir ei god
innføring i relevante tema knytt til vindkraftutbygging. Fylket
sine målsettingar for satsinga på vindkraft er klart formulert. Det
er også dei fylkespolitiske målsettingane. Planen bør difor etter
departementet si meining kunne vere eit godt hjelpemiddel for ulike
aktørar som er eller vil kunne bli involvert i arbeidet med
vindkraftsakar.
Framstillinga av potensialet for
næringsutvikling er oversiktleg, om enn noko kortfatta.
Departementet ønskjer å peike på at kapittelet i liten grad gjer
plass til analytisk underbygging og grunngjeving av vurderingane av
potensialet for verdiskaping. Dette er noko fylket bør komme
attende til dersom vindkraftprosjekter det er aktuelle planar over,
blir realisert.
Gjennomgåinga av miljøkonsekvensar
og arealkonfliktar er òg informativ. I den grad rekkefølgja på
konsekvensane som blir nemnde, er meint å representere ei
prioritering av konfliktane, burde etter departementet si meining
konfliktar for biologisk mangfald, og for kulturmiljø og
friluftsområder, kome før omtalen av støy og ulukkesrisiko. Etter
departementet sin kjennskap blir vindkraftverk i Noreg i dag
planlagt i områder som i hovudsak er relativt langt frå
bustadområde, slik at støy er eit lite problem. Likeins har ikkje
ulukkesrisiko vore ei framståande problemstilling i dei
vindmøllesakene som departementet har kjennskap til.
Dei fylkespolitiske retningslinene
er etter departementet si vurdering tilfredsstillande.
Departementet vil likevel streke under at det under punkt 6 i
retningslinene bør kome tydeleg fram at vindmøller ikkje bør bli
lokalisert slik at dei kan truge viktig biologiske mangfald.
Når det gjeld analysen av moglege
vindkraftareal i Hordaland, meiner departementet at det er
fornuftig av fylkeskommunen å streke under at denne analysen berre
er eit første steg på vegen for å påvise moglege arealar. Den
syner, som det blir framheva i planen, kor ein kan
starte å leite etter gode vindkraftarealar.
Grunnen til at ein ikkje bør leggje større vekt på analysen, er at
det er ein del viktige tema som ikkje er omhandla. Dette gjeld
mellom anna fråværet av ein synlegheitsanalyse, fråværet av
konfliktvurdering i høve til viktige kulturlandskap, og fråværet av
vurdering i høve til truga artar av plantar og dyr. Alt dette
utgjer konfliktkjelder som vil kunne veie tungt når ein skal ta
stilling til kor godt eit bestemt areal passar. At dei viktigaste
konflikttema ikkje er med i arealanalysa, talar for at det neppe
finst areal for vindkraft med "ingen konflikt" som i kap. 6 i
planen. Ein bør òg understreke at slike analysar er lite sikre, og
difor vere open for ei positiv vurdering av vindkraft også der
arealanalysa syner "sannsynleg høg konflikt".
I tillegg er det viktig å streke
under at analysen ikkje tek inn over seg moglege kostnader for
nettilknytting. Miljøverndepartementet er kjend med at
nettilknyttingen kan utgjere ein vesentleg del av kostnadene til
eit vindkraftprosjekt. For kvart einskild areal vil det krevst
detaljerte analysar for å vurdere kor store desse kostnadene vil
bli. Ein analyse av vindressursar og arealkonfliktar vil difor
ikkje kunne bli tilstrekkeleg for at ein tiltakshavar skal kunne
gjere ei fullgod vurdering av høveleg areal.
Miljøverndepartementet gjer merksam
på at vindkraftanlegg i nokre tilfelle vil kome i konflikt med
forsvarets radarar. Det bør gå fram av fylkesdelplanen at
tiltakshaver og andre offentlege styresmakter må syte for at
forholdet til forsvarets installasjonar blir klargjort på eit
tidleg stadium av planlegging av eventuelle vindkraftverk.
Departementa vil til slutt gi
Hordaland Fylkeskommunen honnør for at ein som første fylke har
utarbeida ein slik plan.
Avslutning
Miljøverndepartementet vil streke under § 19-6 i plan- og
bygningslova, der det står at fylkesplanen, her òg fylkesdelplanar,
skal leggjast til grunn for fylkeskommunal verksemnd, og vere
retningsgjevande for kommunal og statleg verksemnd i fylket. Plan-
og bygningsloven føreset at statlege organ som vil fråvike
føresetnadene i godkjend fylkesplan, skal ta dette opp med
fylkeskommunale planstyresmakter. Dersom fylkeskommunen og
vedkomande sektorstyresmakt ikkje blir samde, skal saka takast opp
med dei sentrale planstyresmaktene.
Med helsing
Børge Brende
Kopi:
Olje- og energidepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Forsvarsdepartementet
Forsvarets bygningstjeneste, Oslo
Direktoratet for Naturforvaltning
Riksantikvaren