Godkjenning av fylkesdelplan for vindkraft i Hordaland 2000-2012

Godkjenning av fylkesdelplan for vindkraft i Hordaland 2000-2012

Hordaland fylkeskommune
Avdeling for regional utvikling
Postboks 7900
5020 BERGEN

Dykkar ref

Vår ref

Dato

199804264-150/712/LIBJ

2001/1222- P/KMS

Ark:

Godkjenning av fylkesdelplan for vindkraft i Hordaland 2000-2012

Miljøverndepartementet har motteke fylkesdelplan for vindkraft i Hordaland for sentral godkjenning i brev datert 2. april 2001. Miljøverndepartementet har handsama planen i samråd med Olje- og energidepartementet og Nærings- og handelsdepartementet.

Vedtak:

Med dei merknadene som er nemnde nedanfor, godkjenner Miljøverndepartementet i medhald av § 19-4 i plan- og bygningsloven og kongeleg resolusjon av 16. mars 1990, fylkesdelplan for vindkraft i Hordaland, vedteken i fylkestinget den 12. desember 2000.

Merknader frå departementa

Det er ei vedtatt målsetting å bygge ut 3 TWh vindkraft innan 2010. Hordaland fylkeskommune har satt seg som mål at fylket skal bidra med 1/10 av det nasjonale målet, dvs. 300 GWh. Fylket meiner at vindkraft er eit tema det er naturleg å sjå i eit regionalt perspektiv, ettersom vindkraftanlegg er synlege over kommunegrensene. Energiproduksjon er eit tema av nasjonal interesse. Ved å utarbeide ein fylkesdelplan ønskjer fylket å liggje i forkant og dermed vere med på å leggje premisser for framtidig utbygging av vindkraft i Hordaland. Planen skal vere med på å auke kunnskapsnivået i fylket. Den er meint å vere til nytte for både utbyggjarar, politikarar i kommunar og fylkeskommune, og andre som kjem i kontakt med spørsmål knytt til vindkraft.

Innhaldet i planen

Fylkesdelplanen inneheld 6 kapittel. Kapittel 1 gir først ei kortfatta orientering om energisituasjonen i Noreg. Deretter blir behovet for nye fornybare energikjelder drøfta i lys av klimaproblematikken. Ein tek så for seg dei statlege måla for vindkraftutbygging, før det blir gjort greie for mål for planarbeidet, samt organisering av planprosessen, avgrensing og fasar.

Kapittel 2 gjer nærare greie for vindkraft som energikjelde. Dette omfattar oversikt over den historiske utviklinga av denne energiformen, ein teknisk oversikt over vindkraftverk, og ein gjennomgang av forventa inntekter for kommunar og grunneigarar der det blir etablert vindkraftverk. Vidare blir økonomiske verkemiddel som kan stimulere utbygging, gjennomgått, samt det gjeldande lovverket på området. Til slutt blir det gitt ein kortfatta oversikt over dei planer som ligg føre for vindkraft i Hordaland.

Kapittel 3 omhandler høve for næringsutvikling basert på vindkraft i Hordaland. Det blir argumentert med at industrien i Hordaland har kompetanse som gir eit godt utgangspunkt for å produsere delkomponentar til produksjon av vindmøller. Til slutt blir det gitt ein tabellarisk oversikt over verkemidlar for å støtte næringsutvikling.

I kapittel 4 blir miljøkonfliktar drøfta ved etablering av vindkraftverk. Ein omtaler visuelle verknader, støy, faren for ulukker i samband med drift av vindmøller, konsekvensar for det biologiske mangfaldet, konsekvensar for kulturmiljø og friluftsområde, og andre omsyn. I tillegg blir behovet for samlokalisering mellom vindmøller og andre større konstruksjonar for å samle inngrep drøfta.

I kapittel 5 blir mål for vindkraftutbygging og næringsutvikling basert på vindkraft i Hordaland presentert. For vindkraftutbygginga er dei overordna måla at det skal byggjast ut minst 300 GWh vindkraft i fylket innan 2010, og areal med godt energipotensial og lavt konfliktnivå skal prioriterast. For nærings- og teknologiutviklinga er målsettinga at fylket skal vere leiande i landet på produksjon av minst to delkomponentar til vindmøller, og produsere og levere minst 50 % av komponentane til vindmøllene som blir reist i fylket. Fylket skal òg ha kompetanse for denne typen produksjon på høgskulenivå og i forskingsmiljø slik at næringslivet er sikra naudsynt kompetanse.

I kapittel 5 er det også, med heimel i plan- og bygningsloven § 19-1, utarbeida retningsliner for oppstilling av vindmøller i fylket. Desse skal gjerast gjeldande for planlegging og forvaltning på kommunalt, fylkeskommunalt og regionalt statleg nivå. Til slutt blir tre ulike strategiar gjennomgått for korleis målsettingane i fylkesdelplanen kan bli nådd: velje gode lokalitetar og utforming av vindkraftverk, stimulere til utbygging av vindkraftanlegg i fylket gjennom planlegging, informasjon, kompetanse, rettleiing og samarbeid, og stimulere til næringsutvikling og teknologi og fagkompetanse basert på vindkraft.

I det siste kapittelet i fylkesdelplanen, kapittel 6, blir det gjort greie for ein analyse av moglege vindkraftareal i Hordaland. Asplan Viak Bergen har på vegne av fylkeskommunen utført ein analyse av slike areal ved hjelp av digitale kartdata og geografiske informasjonssystem. Analysen er gjort i 10 kystkommunar i fylket. Det er utarbeidd to typar kart for dei 10 kommunane: konfliktkart, som syner tema som er i konflikt med vindkraft (til dømes kulturminner), og vindressurskart, som syner vindkraft-potensialet. Ved å summere konfliktane for ulike faktorar har ein kome fram til områder med ingen konflikt, sannsynleg konflikt, sannsynlig høg konflikt, og direkte konflikt. Ved å halde saman denne informasjonen med vindressurskarta har ein kome fram til område med lav konflikt og gode vindressursar.

Fylkeskommunen strekar under at analysene er meint som hjelp til å finne lokalitetar der ein kan starte å leite etter gode vindkraftareal. Samstundes kan den gi ein indikasjon på kva område ein bør vere varsam i forhold til. Det vert understreka ein del tema som ikkje er inkludert i analysen, slik som mellom anna dei visuelle verknadene av eventuelle anlegg på landskapet, og kapasiteten på strømforsyningsnettet.

Til slutt blir tre ulike scenarier for vindkraftutbygging i fylket presentert: teoretisk potensial (ingen konflikter og årsmiddelvind over 7,5 m/s), gode vindressursar og nærleik til veg (ingen registrerte konfliktar, gode vindressursar, vind over 8 m/s og ikkje meir enn 1 km til vei), og svært gode vindressursar og nærleik til veg (som forrige scenarie, men med vind over 8,5 m/s). Vindkraftpotensialet for dei tre scenariene er hhv. 8,1 TWh, 3,35 TWh, og 0,97 TWh.

Departementa sine vurderingar

Miljøverndepartementet vil for det første seie at det er positivt at det blir utarbeida regionale planar for vindkraft. Departementet meiner slike planar vil kunne bidra til lokalisering av vindkraftverk på arealer der konfliktane med andre miljø- og utbyggingsomsyn er lågast mogleg. Slike planar vil kunne vere nyttige hjelpemiddel for kommunar, grunneigarar, tiltakshavarar og andre som er engasjert i vindkraftutbygging.

Departementet meiner fylkesdelplanen for vindkraft frå Hordaland gir ein god og lettfatteleg presentasjon av vindkraftfeltet. Den gir ei god innføring i relevante tema knytt til vindkraftutbygging. Fylket sine målsettingar for satsinga på vindkraft er klart formulert. Det er også dei fylkespolitiske målsettingane. Planen bør difor etter departementet si meining kunne vere eit godt hjelpemiddel for ulike aktørar som er eller vil kunne bli involvert i arbeidet med vindkraftsakar.

Framstillinga av potensialet for næringsutvikling er oversiktleg, om enn noko kortfatta. Departementet ønskjer å peike på at kapittelet i liten grad gjer plass til analytisk underbygging og grunngjeving av vurderingane av potensialet for verdiskaping. Dette er noko fylket bør komme attende til dersom vindkraftprosjekter det er aktuelle planar over, blir realisert.

Gjennomgåinga av miljøkonsekvensar og arealkonfliktar er òg informativ. I den grad rekkefølgja på konsekvensane som blir nemnde, er meint å representere ei prioritering av konfliktane, burde etter departementet si meining konfliktar for biologisk mangfald, og for kulturmiljø og friluftsområder, kome før omtalen av støy og ulukkesrisiko. Etter departementet sin kjennskap blir vindkraftverk i Noreg i dag planlagt i områder som i hovudsak er relativt langt frå bustadområde, slik at støy er eit lite problem. Likeins har ikkje ulukkesrisiko vore ei framståande problemstilling i dei vindmøllesakene som departementet har kjennskap til.

Dei fylkespolitiske retningslinene er etter departementet si vurdering tilfredsstillande. Departementet vil likevel streke under at det under punkt 6 i retningslinene bør kome tydeleg fram at vindmøller ikkje bør bli lokalisert slik at dei kan truge viktig biologiske mangfald.

Når det gjeld analysen av moglege vindkraftareal i Hordaland, meiner departementet at det er fornuftig av fylkeskommunen å streke under at denne analysen berre er eit første steg på vegen for å påvise moglege arealar. Den syner, som det blir framheva i planen, kor ein kan starte å leite etter gode vindkraftarealar. Grunnen til at ein ikkje bør leggje større vekt på analysen, er at det er ein del viktige tema som ikkje er omhandla. Dette gjeld mellom anna fråværet av ein synlegheitsanalyse, fråværet av konfliktvurdering i høve til viktige kulturlandskap, og fråværet av vurdering i høve til truga artar av plantar og dyr. Alt dette utgjer konfliktkjelder som vil kunne veie tungt når ein skal ta stilling til kor godt eit bestemt areal passar. At dei viktigaste konflikttema ikkje er med i arealanalysa, talar for at det neppe finst areal for vindkraft med "ingen konflikt" som i kap. 6 i planen. Ein bør òg understreke at slike analysar er lite sikre, og difor vere open for ei positiv vurdering av vindkraft også der arealanalysa syner "sannsynleg høg konflikt".

I tillegg er det viktig å streke under at analysen ikkje tek inn over seg moglege kostnader for nettilknytting. Miljøverndepartementet er kjend med at nettilknyttingen kan utgjere ein vesentleg del av kostnadene til eit vindkraftprosjekt. For kvart einskild areal vil det krevst detaljerte analysar for å vurdere kor store desse kostnadene vil bli. Ein analyse av vindressursar og arealkonfliktar vil difor ikkje kunne bli tilstrekkeleg for at ein tiltakshavar skal kunne gjere ei fullgod vurdering av høveleg areal.

Miljøverndepartementet gjer merksam på at vindkraftanlegg i nokre tilfelle vil kome i konflikt med forsvarets radarar. Det bør gå fram av fylkesdelplanen at tiltakshaver og andre offentlege styresmakter må syte for at forholdet til forsvarets installasjonar blir klargjort på eit tidleg stadium av planlegging av eventuelle vindkraftverk.

Departementa vil til slutt gi Hordaland Fylkeskommunen honnør for at ein som første fylke har utarbeida ein slik plan.

Avslutning


Miljøverndepartementet vil streke under § 19-6 i plan- og bygningslova, der det står at fylkesplanen, her òg fylkesdelplanar, skal leggjast til grunn for fylkeskommunal verksemnd, og vere retningsgjevande for kommunal og statleg verksemnd i fylket. Plan- og bygningsloven føreset at statlege organ som vil fråvike føresetnadene i godkjend fylkesplan, skal ta dette opp med fylkeskommunale planstyresmakter. Dersom fylkeskommunen og vedkomande sektorstyresmakt ikkje blir samde, skal saka takast opp med dei sentrale planstyresmaktene.

Med helsing

Børge Brende

Kopi:

Olje- og energidepartementet

Nærings- og handelsdepartementet
Forsvarsdepartementet
Forsvarets bygningstjeneste, Oslo

Direktoratet for Naturforvaltning
Riksantikvaren