Design skal sikre konkurransekraft
Meir og riktigare bruk av design skal bidra til
auka konkurransekraft for norske bedrifter. Regjeringa aukar
løyvingane til næringsretta design med 6 millionar kroner. Midlane
går til rådgjeving, kompetanse- og utdanningstiltak og
internasjonalisering. Det går fram av regjeringas næringsretta
designpakke.
– Design er ein viktig konkurransefaktor
for norsk næringsliv. Design bidrar til å gje produkt og tenester
ein meirverdi. Det er difor pengar å tene på å bruke design på ein
rett måte, seier nærings- og handelsminister Odd
Eriksen.
Eriksen presenterte torsdag regjeringas
næringsretta designpakke. I designpakken ligg det eit knippe tiltak
som skal bidra til haldnings- og åtferdsendringar når det gjeld
bruk av design i næringslivet. Blant anna vert ”Isbrytarordninga”
utvida, ved at dei maksimale tilskota vert auka frå 50.000 til
100.000 kroner. Denne ordninga gjev tilskot til bedrifter som
ønskjer å samarbeide med profesjonelle designarar.
– Dette er eit nyttig hjelpemiddel for
bedrifter i heile landet, seier Eriksen.
Innovasjon Norge og Norsk Designråd samarbeider
om designrådgjeving. Designrådet får i 2006 ei løyving på 25
millionar kroner, ein auke på 8,1 millionar. I Innovasjon Norge er
13 millionar kroner øyremerkt til designprosjekt i heile landet.
Innovasjon Norge og Norsk Designråd tilbyr rådgjevingstenester i
heile landet.
Den næringsretta designpakken legg opp til at
nokre bransjar skal prioriterast. Dette gjeld bransjane maritim,
tre, mat og turisme.
– Dette er område der Noreg allereie er
gode. Eg vil jobbe for at desse næringane i større grad skal ta i
bruk design. Det kan bidra til at næringane i enda større grad kan
hevde seg i den internasjonale konkurransen, seier
Eriksen.
Nærings- og handelsministeren
presenterte torsdag regjeringas satsing på næringsretta design.
Dette skjedde hjå bedrifta Vest Busscar i Stryn. Stryn er kjent som
ein kommune med eit velutvikla næringslivssamarbeid, og Vest
Busscar er ei bedrift der design står sentralt i
innovasjonsprosessen.
Statsrådens tale
Design og
verdiskaping – regjeringens satsing på næringsrettet design (pdf
756 Kb)