Historisk arkiv

Design skal sikre konkurransekraft

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Nærings- og handelsdepartementet

Meir og riktigare bruk av design skal bidra til auka konkurransekraft for norske bedrifter. Regjeringa aukar løyvingane til næringsretta design med 6 millionar kroner. I dag vart regjeringas næringsretta designpakke presentert.

Pressemelding

Nr.: 46/06
Dato: 29. juni 2006
Kontaktperson: Informasjonsrådgjevar Arvid Samland, tel. 93 05 14 58

Design skal sikre konkurransekraft

Meir og riktigare bruk av design skal bidra til auka konkurransekraft for norske bedrifter. Regjeringa aukar løyvingane til næringsretta design med 6 millionar kroner. Midlane går til rådgjeving, kompetanse- og utdanningstiltak og internasjonalisering. Det går fram av regjeringas næringsretta designpakke.

– Design er ein viktig konkurransefaktor for norsk næringsliv. Design bidrar til å gje produkt og tenester ein meirverdi. Det er difor pengar å tene på å bruke design på ein rett måte, seier nærings- og handelsminister Odd Eriksen.

Eriksen presenterte torsdag regjeringas næringsretta designpakke. I designpakken ligg det eit knippe tiltak som skal bidra til haldnings- og åtferdsendringar når det gjeld bruk av design i næringslivet. Blant anna vert ”Isbrytarordninga” utvida, ved at dei maksimale tilskota vert auka frå 50.000 til 100.000 kroner. Denne ordninga gjev tilskot til bedrifter som ønskjer å samarbeide med profesjonelle designarar.

– Dette er eit nyttig hjelpemiddel for bedrifter i heile landet, seier Eriksen.

Innovasjon Norge og Norsk Designråd samarbeider om designrådgjeving. Designrådet får i 2006 ei løyving på 25 millionar kroner, ein auke på 8,1 millionar. I Innovasjon Norge er 13 millionar kroner øyremerkt til designprosjekt i heile landet. Innovasjon Norge og Norsk Designråd tilbyr rådgjevingstenester i heile landet.

Den næringsretta designpakken legg opp til at nokre bransjar skal prioriterast. Dette gjeld bransjane maritim, tre, mat og turisme.

– Dette er område der Noreg allereie er gode. Eg vil jobbe for at desse næringane i større grad skal ta i bruk design. Det kan bidra til at næringane i enda større grad kan hevde seg i den internasjonale konkurransen, seier Eriksen.

Nærings- og handelsministeren presenterte torsdag regjeringas satsing på næringsretta design. Dette skjedde hjå bedrifta Vest Busscar i Stryn. Stryn er kjent som ein kommune med eit velutvikla næringslivssamarbeid, og Vest Busscar er ei bedrift der design står sentralt i innovasjonsprosessen.

Statsrådens tale

Design og verdiskaping – regjeringens satsing på næringsrettet design (pdf 756 Kb)