Historisk arkiv

CO2-handtering på Mongstad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

RNB 2011

Noreg har to banebrytande CO2-handteringsprosjekt – eit teknologisenter og eit fullskalaprosjekt, begge på Mongstad. Teknologisenteret er eit av dei første og største testanlegg for CO2-fangst i verda. Teknologisenteret er i dag om lag 70 prosent ferdigstilt, og testinga vil etter planen starte i byrjinga av 2012.

Noreg har to banebrytande CO2-handteringsprosjekt – eit teknologisenter og eit fullskalaprosjekt, begge på Mongstad. Teknologisenteret er eit av dei første og største testanlegg for CO2-fangst i verda. Teknologisenteret er i dag om lag 70 prosent ferdigstilt, og testinga vil etter planen starte i byrjinga av 2012. 

På bakgrunn av informasjonen som har kome fram om behov for auka kunnskap om moglege effektar på helse og miljø ved bruk av aminteknologi, vart det i Meld. St. 9 (2010-2011) Fullskala CO2-håndtering, lagt opp til ein prosjektmodell som opnar for alternative teknologiar i det vidare planleggingsarbeidet med fullskala CO2-fangst på Mongstad. Dette fører til at aktivitetar som var planlagt i 2011 kan bli utsett, og at  budsjettbehovet i 2011 vert redusert.  Løyvinga til planlegging av fullskala CO2-handtering er difor foreslått redusert med 940 mill. kroner til 590 mill. kroner.

For teknologisenteret sin del har TCM DA varsla ei kostnadsauke på om lag 300 millionar kroner i 2012 for ferdigstilling av Teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad. Kostnadsauken er i hovudsak knytta til anlegget for kjølt ammoniakk, og har mellom anna samband med at det er liten industriell erfaring med denne type teknologi.

Regjeringa har ambisiøse mål innan CO2-handtering. Prosjekta på Mongstad er av dei viktigaste tiltaka i energi- og klimapolitikken.

Staten og Statoil signerte 5. april 2011 ”Steg 2 Utviklingsavtalen”, som regulerer staten og Statoil sine rettar og plikter i planleggingsfasen for fullskala CO2-handtering på Mongstad. Denne avtalen definerer mellom anna tidsplan og milepælar fram til eit grunnlag for investeringsavgjerd blir lagt fram, seinast i 2016. Prop. 120 S (2010-2011) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2011 inneheld ein fyldig omtale av avtalen.