Historisk arkiv

Telefonkatalogen – berre til dei som ønskjer det

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- Vi ser at stadig fleire nyttar seg av katalogtenester på Internett, sms og liknande. Likevel er eg oppteken av at dei som framleis ønskjer telefonkatalogen på papir skal få det. Samferdselsdepartementet har bede Telenor om å forbetre den gjeldande reservasjonsordninga, slik at det blir enda lettare å melde frå om at ein ikkje vil ha katalogen i papirutgåve, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

- Vi ser at stadig fleire nyttar seg av katalogtenester på Internett, sms og liknande.  Likevel er eg oppteken av at dei som framleis ønskjer telefonkatalogen på papir skal få det. Katalogtenesta er ein viktig del av dei leveringspliktige tenestene som Telenor er ansvarleg for og er med på å sikre at heile landet har tilgang til gode og likeverdige teletenester. Samferdselsdepartementet har difor bede Telenor om å forbetre den gjeldande reservasjonsordninga, slik at det blir enda lettare å melde frå om at ein ikkje vil ha katalogen i papirutgåve.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at Samferdselsdepartementet i eit brev til Telenor ASA ber om forbetringar av reservasjonsordninga.

- Eg er oppteken av at telefonkatalogen skal vere ein nyttig reiskap for brukarane og ikkje vere søppel som øydelegg miljøet. Noregs Naturvernforbund fortener takk for at denne saka no er blitt løfta fram. Auka medvit om dei miljømessige følgjene vil, saman med ei mykje betre reservasjonsordning, redusere omfanget av distribusjon av uønskte og unødvendige katalogar. Det vil føre til gevinstar for miljøet og auke kvaliteten på denne tenesta, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Departementet har bedt Telenor syte for tydeleg informasjon om at det er mogeleg å reservere seg og enkle skjema til alle kundar. Telenor skal òg sjå til at idrettslaga som distribuerer katalogane, får betre opplæring og meir nøyaktige distribusjonslister. I større byar skal det settes i verk auka etterkontroll av distribusjonen for å unngå at det blir liggjande uavhenta katalogar i til dømes trappeoppgangar.

I brevet går det òg fram at Samferdselsdepartementet ber Telenor lage ei ordning for å evaluere at den forbetra reservasjonsordninga for verkar tilfredsstillande. Evalueringa skal starte opp første halvår 2008. På grunnlag av denne evalueringa vil Samferdselsdepartementet sjå om ei forbetring av  ordninga er godt nok for å ta vare på omsyna til miljøet og til presis distribusjon.

Les brevet av 20. mars 2007 frå Samferdselsdepartementet til Telenor ASA