Historisk arkiv

Farleg last må framleis vika i ferjekø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet vidarefører endringa som vart gjort i sommar i forskrifta om transport med ferje. Endringa opna for at ferjeførar kan gjera unntak frå køprinsippet for motorvogn med farleg last, når dette gir ulemper for andre som skal med den same avgangen.

- Eg vil igjen oppmoda transportørar av farleg last om å bruka ferjeavgangar med mindre trafikk, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Hovudregelen er at køyretøya kjem ombord i ferja i den rekkefølgja dei står på ferjeleiet. Når farleg gods vert transportert, er det av tryggleiksomsyn avgrensing av talet på passasjerar som kan vera med same overfarten. Dette skaper i enkelte tilfelle problem med trafikkavviklinga. I mars vart det sendt ut eit forslag på høyring der ein opnar for at ferjeførar kan gjera unntak frå køprinsippet for motorvogn med farleg last, når dette gir ulemper for andre som skal med den same avgangen.

Etter at framlegget no har vore på høyring, har Samferdselsdepartementet hatt dialog med transportnæringa og reiarlaga for å koma fram til føreseielege løysingar for avvikling av trafikken. For å redusera ulempene for dei reisande, vidarefører Samferdselsdepartementet endringa i forskrifta i samsvar med forslaget. Av omsyn til sommartrafikken vart forskrifta endra 29. juni i år – før høyringsprosessen var avslutta. Vidareføringa betyr at ferjeføraren i visse tilfelle framleis kan be motorvogner med farleg last om å venta på ei seinare ferje for å få med andre som skal med den same avgangen. Resultatet av høyringsrunden viser at ytterlegare endringar ikkje er naudsynte.   

- Eg er svært glad for den konstruktive tilnærminga både transportnæringa og reiarlaga har vist. Eg kjenner meg no trygg på at helgetrafikken med ferjene vert avvikla meir praktisk og føreseieleg, både når det gjeld passasjertransport og transport av farleg gods, seier Magnhild Meltveit Kleppa.

Vegdirektoratet har kartlagt kva for strekningar og avgangar som skaper særlege utfordringar. I nokre samband vil det gjerast unntak frå køprinsippet fredagar og søndagar, til dømes i perioden kl. 15-20. I andre samband med konflikt med farleg last vil denne transporten verta prioritert på einskilde avgangar spreidd ut over dagen. Det vil bli opplyst om dette i rutehefta.

Forskrifta om transport med ferje omfattar dei 18 riksvegsambanda i landet. Det er opp til fylkeskommunane om dei vil praktisera forskrifta for ferjer i fylkesvegnettet.

For fleire opplysningar – sjå brev av 3. desember  2010 frå Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet (pdf)