Historisk arkiv

Diskuterte energi og økonomi med Merkel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Tysklands forbundskanslar Angela Merkel var i dag på offisielt besøk i Oslo. På dagsorden stod mellom anna energi og økonomisk utvikling i Europa. – I utfordrande tider, der ei økonomisk krise legg press på alle land i Europa, er vennskapen og samarbeidet med Tyskland viktig for Noreg, seier statsminister Jens Stoltenberg.

Tysklands forbundskanslar Angela Merkel var i dag på offisielt besøk i Oslo. På dagsorden stod mellom anna energi og økonomisk utvikling i Europa. – I utfordrande tider, der ei økonomisk krise legg press på alle land i Europa, er vennskapen og samarbeidet med Tyskland viktig for Noreg, seier statsminister Jens Stoltenberg.

Den økonomiske situasjonen i Europa og i eurosona viser etterkvart teikn til å stabilisere seg. Dei europeiske finansmarknadene står no fram som langt meir stabile og uvissa er redusert, takka vere eit iherdig arbeid frå mange europeiske leiarar. Men den økonomiske veksten i mange land er framleis for svak til å redusere arbeidsløysa.

– Eit sterkt tysk engasjement i Europa er viktig framover. Sjølv om mykje er oppnådd og betydelege planar for å sikre vekst er lagde, må Europas leiarar fortsette det viktige arbeidet som vert gjort. Det er europeisk ungdom avhengige av og det er vi i Noreg også avhengige av, seier Stoltenberg.

Eit hovudfundament i det norsk-tyske samarbeidet er energi. Tyskland har eit stort behov for energi etter utfasinga av atomkraft i rammene av den såkalla «Energiewende». I dette biletet er norsk gass viktig, og norsk fornybar energi kan spele ei viktig rolle inn mot den tyske kraftmarknaden.

Statsministeren er seinare i dag vert for ein arbeidsmiddag med temaet energi, saman med olje- og energiminister Ola Borten Moe. Tyske og norske energibedrifter (RWE-DEA, Voith, Wintershall og VNG, Statoil, Statnett, Hydro og Statkraft) møter Merkel og Stoltenberg til ein diskusjon om energisamarbeidet, om kva utfordringar som finst, og om korleis samarbeidet mellom Noreg og Tyskland kan tenkast å sjå ut i framtida.  

Noreg og Tyskland har ein god og samstemt dialog om fleire utanrikspolitiske problemstillingar. I samtalane kom Merkel og Stoltenberg inn på terroraksjonen i In Amenas og utviklinga i Sahel og Magreb-området. Noreg og Tyskland er samde om at ei løysing krev ein brei innsats på område som tryggleik, godt styresett og bistand.

Den alvorlege situasjonen i Syria, den spente situasjonen i Egypt og forhandlingane om Irans atomvåpenprogram vart også diskuterte.

– Vi kom også inn på Nordområda og Arktis, og dei moglegheitene som ligg i nord, både når det gjeld energi og andre ressursar. Her formidla eg at det er viktig at fleire gode krefter deltek for å utvikle denne viktige regionen. Dette gjeld Europa som heilskap, inkludert Tyskland og tysk næringsliv, seier Stoltenberg.