Historisk arkiv

Holmås besøkjer sveltofre i Sahel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Utenriksdepartementet

Priv. til red.

I samband med tørkekatastrofa i Afrika, besøkjer utviklingsminister Heikki Holmås Sahel i mai.

I samband med tørkekatastrofa i Afrika, besøkjer utviklingsminister Heikki Holmås Sahel i mai.

Sahel-regionen i Vest-Afrika er ramma av langvarig tørke. Ifølgje FN sitt barnefond Unicef kan ein million barn døy av svolt dei neste månadane.

- Noreg har gitt nesten 100 millionar kroner for å hjelpe folk som er råka av denne tørke- og matvarekrisa. Vi er bekymra for situasjonen, seier utviklingsminister Holmås.

Les meir om Noregs innsats her.

På reisa i Sahel reiser Holmås mykje i felt. Han treffer organisasjonar som arbeider med å hjelpe svoltofre. Han møter òg representantar for styresmaktane.

På den same reisa besøkjer Holmås òg Liberia og Botswana. Liberia har eit av landa i verda med lågast tilgang til elektrisitet. Berre 1 prosent av befolkninga har strøm.  Holmås vil besøkje vasskraftverket Mt. Coffee, som er ein del av Noregs satsing på fornybar energi. Han møter òg representantar for styresmaktane.

I Botswanas hovudstad Gaborone deltek han på toppmøtet «Summit for Sustainability in Africa».

Av omsyn til visum må presse som ynskjer å vere med på heile eller deler av reisa ta kontakt seinast måndag 7. mai for meir praktisk informasjon og detaljar om programmet.

 

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Hege T. Magnus, mobil 941 42 792, e-post htm@mfa.no.

 

****

Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal vere lett å lese. Solheims rådgiverar bruker Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Denne pressemeldinga har ein verdi på 35. Det er det same som i skjønnlitteratur og vekeblad. Les meir om kampen for eit betre og klarare språk i staten hos Klarspråk.no.