Utvida pappapermisjon
Regjeringa gjer framlegg om å utvide fødselspermisjonen for
fedrar med éi veke ekstra, til seks veker, frå 1. juli 2006.
Fedrekvoten blir etter dette like lang som den øyremerkte perioden
til mor etter fødselen.
– Vi vil gi fedrar meir tid saman
med borna. På eitt år har vi utvida permisjonen for fedrar med rett
til fedrekvote frå fire til seks veker. Det gir fedrar høve til å
vere meir saman med borna, og det fremjar likestilling i heimen,
seier barne‑ og familieminister Laila Dåvøy.
Utvidinga er tenkt som ei
forlenging av den samla fødsels‑ og adopsjonspengeperioden.
Stønadsperioden ved fødsel vil etter framlegget utgjere 44 veker
med 100 prosent lønn eller 54 veker med 80 prosent lønn. Ved
adopsjon vil stønadsperioden vere 41 eller 51 veker.
Forslaget gjeld dei fedrane som har
rett til fedrekvote. Den ekstra veka går til mor dersom far ikkje
har rett til fødsels‑ eller adopsjonspengar, dersom mor er einsleg
forsytar, eller dersom det er gitt unntak frå fedrekvoten.
Forslaget gjeld fødslar og
adopsjonar frå og med 1. juli 2006.
Heilårsverknaden av utvidinga er
rekna ut til å bli om lag 170 mill. kroner. Meirutgiftene i 2006 er
rekna ut til å bli 10 mill. kroner, sidan dei fleste fedrar tek ut
fedrekvoten i den siste delen av stønadsperioden.
Meir informasjon:
Samleside om
statsbudsjettet Barne- og familiedepartementet, med andre
pressemeldingar, talfakta og aktuelle lenkjer.