Finansdepartementet sender nå på høring
forslag til nye
reglar for å stadfeste den gunstige praktiseringa av ordninga
med heime-PC.
Etter at ordninga med skattefritak
for heime -PC kom i 1997 har ein sett at mange arbeidstakarar har
fått PC i heimen gjennom ei ordning med månadlig trekk i lønen. Det
er denne praksisen som med dette forslaget nå vert forankra i
regelverket.
Høringsutkastet foreslår nokre
presiseringar om kva som ligg i at ein har behov for PC-utstyr i
arbeidet, og kva for utstyr som fell inn under ordninga. Dei nye
reglane vil tre i kraft frå og med inntektsåret 2003.