Regjeringa har i statsråd i dag
fordelt 36 millionar kroner av det forventa overskotet i Norsk
Tipping AS for speleåret 2002. Midlane skal gå til fylkeskommunane
for å iverksetje Den kulturelle skulesekken for skuleåret
2003/2004.
- Eg er glad for at vi no tar det
første steget mot ei vesentleg opptrapping av kulturtilbodet til
alle skuleborn. No ligg utfordringa hos fylkeskommunane og
kommunane i å byggja opp eit godt og spanande kulturtilbod til
skuleborna, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad
Haugland i ein kommentar.
Regjeringa har fordelt midlane slik:
Østfold | kr 1 836 000 | Akershus | kr 3 136 000 |
Oslo | kr 2 333 000 | Hedmark | kr 1 613 000 |
Oppland | kr 1 574 000 | Buskerud | kr 1 842 000 |
Vestfold | kr 1 681 000 | Telemark | kr 1 454 000 |
Aust-Agder | kr 1 094 000 | Vest-Agder | kr 1 460 000 |
Rogaland | kr 2 877 000 | Hordaland | kr 3 000 000 |
Sogn og Fjordane | kr 1 320 000 | Møre og Romsdal | kr 2 057 000 |
Sør-Trøndelag | kr 2 070 000 | Nord-Trøndelag | kr 1 349 000 |
Nordland | kr 2 295 000 | Troms | kr 1 594 000 |
Finnmark | kr 1 414 000 | | |
Pengane vert fordelte ut frå
elevtal og enkelte utjamningsfaktorar som mellom anna tek omsyn til
geografisk avstand. Alt i alt vil Den kulturelle skulesekken i 2003
bli tilgodesett med overslagsvis 60 millionar kroner. Restbeløpet
på 24 millionar kroner skal gå til spesielle prosjekt og vil verte
fordelt seinare. Mellom anna skal det setjast av midlar for å auke
leselysta og lesekompetansen hos born.
Endeleg tildeling av midlar til Den
kulturelle skulesekken vil skje i april/mai 2003.