Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

36 millionar kroner fordelt til skulesekken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa har i statsråd i dag fordelt 36 millionar kroner av det forventa overskotet i Norsk Tipping AS for speleåret 2002. Midlane skal gå til fylkeskommunane for å iverksetje Den kulturelle skulesekken for skuleåret 2003/2004. (14.02.03)

Pressemelding

Nr.: 15/03
Dato: 14.02.03
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Kjell Myhren, tel. 22 24 80 00

36 millionar kroner fordelt til skulesekken

Regjeringa har i statsråd i dag fordelt 36 millionar kroner av det forventa overskotet i Norsk Tipping AS for speleåret 2002. Midlane skal gå til fylkeskommunane for å iverksetje Den kulturelle skulesekken for skuleåret 2003/2004.

- Eg er glad for at vi no tar det første steget mot ei vesentleg opptrapping av kulturtilbodet til alle skuleborn. No ligg utfordringa hos fylkeskommunane og kommunane i å byggja opp eit godt og spanande kulturtilbod til skuleborna, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland i ein kommentar.

Regjeringa har fordelt midlane slik:

Østfold

kr 1 836 000

Akershus

kr 3 136 000

Oslo

kr 2 333 000

Hedmark

kr 1 613 000

Oppland

kr 1 574 000

Buskerud

kr 1 842 000

Vestfold

kr 1 681 000

Telemark

kr 1 454 000

Aust-Agder

kr 1 094 000

Vest-Agder

kr 1 460 000

Rogaland

kr 2 877 000

Hordaland

kr 3 000 000

Sogn og Fjordane

kr 1 320 000

Møre og Romsdal

kr 2 057 000

Sør-Trøndelag

kr 2 070 000

Nord-Trøndelag

kr 1 349 000

Nordland

kr 2 295 000

Troms

kr 1 594 000

Finnmark

kr 1 414 000

Pengane vert fordelte ut frå elevtal og enkelte utjamningsfaktorar som mellom anna tek omsyn til geografisk avstand. Alt i alt vil Den kulturelle skulesekken i 2003 bli tilgodesett med overslagsvis 60 millionar kroner. Restbeløpet på 24 millionar kroner skal gå til spesielle prosjekt og vil verte fordelt seinare. Mellom anna skal det setjast av midlar for å auke leselysta og lesekompetansen hos born.

Endeleg tildeling av midlar til Den kulturelle skulesekken vil skje i april/mai 2003.

Til toppen