Utdannings- og
forskningsdepartementet lanserer 31.mars ein nasjonal
utdanningsportal for å gjere det lettare å finne relevant og god
informasjon om norsk utdanning.
- Portalen er en ambisiøs og viktig
satsing for å gjøre norsk utdanning mer synlig på nettet. Nå kan
brukerne finne kvalitetsikret utdanningsinformasjon og nettbaserte
utdanningsressurser – alt på ett sted, seier utdanningsminister
Kristin Clemet.
I første omgang vil portalen gi
informasjon om tilbod og opptak til høgre utdanning. Portalen har
livslang læring som perspektiv, og ved skolestart hausten 2003 vil
portalen samle tenester og informasjon som kan vere nyttige i
grunnopplæringa, vidaregåande opplæring, høgre utdanning,
vaksenopplæring og etter- og vidareutdanning.
Brukarane kan søkje etter
informasjon ut frå behov, men vil også finne generell informasjon
om utdanning og opplæring i Noreg. Målgruppa er elevar, studentar,
lærlingar, utdanningssøkande, lærarar, forskarar og andre innanfor
utdanningssystemet, i tillegg til alle andre med interesse for
norsk utdanning.
Målet med portalen er å etablere
ein lett tilgjengeleg informasjonsbase med einsarta og
kvalitetsikra data. UFD vonar at portalen skal føre til auka bruk
av IKT på alle nivå i utdanningssystemet, m.a. ved at det blir
lettare å finne fram til nettbaserte informasjons- og
læringsressursar som alle kan nå. På lang sikt er det eit mål at
portalen skal verke interaktivt og bli ein arena for læring og
erfaringsutveksling, der lærarar, elevar og studentar kan publisere
prosjekt og utveksle læringsmetodar.
www.utdanning.no
Kontaktpersonar: Ida Børresen,
ekspedisjonssjef, tlf: 22247410 / 911338085
Øystein Johannessen,
avdelingsdirektør, tlf: 22247497 / 48053342