Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Utdanning.no - ny utdanningsportal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Utdannings- og forskningsdepartementet

Utdannings- og forskningsdepartementet lanserer 31.mars ein nasjonal utdanningsportal for å gjere det lettare å finne relevant og god informasjon om norsk utdanning. (31.03.03)

Pressemelding

Nr.: 024
Dato: 31.03.03

Utdanning.no – ny utdanningsportal

Utdannings- og forskningsdepartementet lanserer 31.mars ein nasjonal utdanningsportal for å gjere det lettare å finne relevant og god informasjon om norsk utdanning.

- Portalen er en ambisiøs og viktig satsing for å gjøre norsk utdanning mer synlig på nettet. Nå kan brukerne finne kvalitetsikret utdanningsinformasjon og nettbaserte utdanningsressurser – alt på ett sted, seier utdanningsminister Kristin Clemet.

I første omgang vil portalen gi informasjon om tilbod og opptak til høgre utdanning. Portalen har livslang læring som perspektiv, og ved skolestart hausten 2003 vil portalen samle tenester og informasjon som kan vere nyttige i grunnopplæringa, vidaregåande opplæring, høgre utdanning, vaksenopplæring og etter- og vidareutdanning.

Brukarane kan søkje etter informasjon ut frå behov, men vil også finne generell informasjon om utdanning og opplæring i Noreg. Målgruppa er elevar, studentar, lærlingar, utdanningssøkande, lærarar, forskarar og andre innanfor utdanningssystemet, i tillegg til alle andre med interesse for norsk utdanning.

Målet med portalen er å etablere ein lett tilgjengeleg informasjonsbase med einsarta og kvalitetsikra data. UFD vonar at portalen skal føre til auka bruk av IKT på alle nivå i utdanningssystemet, m.a. ved at det blir lettare å finne fram til nettbaserte informasjons- og læringsressursar som alle kan nå. På lang sikt er det eit mål at portalen skal verke interaktivt og bli ein arena for læring og erfaringsutveksling, der lærarar, elevar og studentar kan publisere prosjekt og utveksle læringsmetodar.

www.utdanning.no

Kontaktpersonar: Ida Børresen, ekspedisjonssjef, tlf: 22247410 / 911338085

Øystein Johannessen, avdelingsdirektør, tlf: 22247497 / 48053342

Til toppen