1,6 milliardar til Kunnskapsløftet
Regjeringa foreslår å løyve om lag 1,6 milliardar kroner
til å gjennomføre Kunnskapsløftet i 2006. Sentrale element i denne
løyvinga er kvalitetsutvikling, kompetanseutvikling for lærarar og
skuleleiarar, kompensasjon til kommunane i samband med utskifting
av læremiddel og heilårsverknaden av å utvide timetalet hausten
2005.
965 millionar kroner er foreslått
løyvde til ulike kvalitetsutviklingstiltak i skulen. 600 millionar
kroner av dette beløpet skal prioriterast til kompetanseutvikling
for lærarar og skuleleiarar. Regjeringa har varsla eit samla
kompetanseløft på mellom to og tre milliardar kroner for desse
gruppene. Med løyvinga for 2006 kjem det totalt til å vere løyvd
1,1 milliardar kroner til kompetanseutvikling. Av neste års løyving
på 600 millionar kroner til formålet skal 375 millionar kroner gå
direkte til skuleeigarane.
Ny læreplan for grunnskulen og
fellesfaga i vidaregåande opplæring er fastsett, mens arbeidet med
resten av læreplanane i den vidaregåande opplæringa er i gang.
80millionar kroner går derfor til å ferdigstille nye læreplanar i
2006.
Kunnskapsløftet inneber at
1.–9. trinnet i grunnskulen og vidaregåande trinn 1 skal
ta i bruk nye læreplanar og ny fag- og timefordeling frå hausten
2006. Reforma blir innført hausten 2007 på 10. trinnet i
grunnskulen og på vidaregåande trinn 2, og frå hausten 2008
også på vidaregåande trinn 3.
Å innføre nye læreplanar i alle fag
krev at læremidla blir bytte ut raskare enn normalt i grunnskulen.
Regjeringa foreslår derfor å løyve 400 millionar kroner innanfor
veksten i dei frie inntektene til kommunane i kompensasjon for
meirutgifter i samband med utskifting av læremiddel i grunnskulen i
2006.
Vidare blir det i 2006 lagt inn om
lag 190 millionar kroner i rammeoverføringane til kommunane til å
dekkje heilårseffekten av å utvide timetalet i grunnskulen med fire
veketimar frå hausten 2005. I perioden 2002–2005 blir barnetrinnet
dermed[JOH1] styrkt med til saman tolv veketimar.
Kvalitetsutvikling:
Budsjettposten «Kvalitetsutvikling i
grunnopplæringa» er på 965 millionar kroner og dekkjer ei lang
rekkje viktige tiltak:
- 600 millionar kroner til kompetanseutvikling. Av dette beløpet
går 375 millionar direkte til skuleeigarane (kommunar,
fylkeskommunar, frittståande). 115 millionar kroner går til sentra
for matematikk, naturfag, lesing, nynorsk og framandspråk og til
utviklingsarbeid rundt strategiplanane på desse fagområda.
- 160 millionar kroner til kvalitetsvurdering, dokumentasjon og
analyse. 100 millionar av beløpet går til eit nasjonalt
kvalitetsvurderingssystem.
- 80 millionar kroner til arbeidet med læreplanar.
- Dei siste 125 millionar kronene går til ulike IKT-tiltak, den
nye ordninga med leksehjelp og arbeidet for betre lærings- og
oppvekstmiljø, inklusive tiltak mot mobbing, rammer for måltid,
fysisk aktivitet og kampen mot fattigdom.
Andre tiltak innanfor grunnopplæringa
Satsing mot fattigdom:
Som ledd i satsinga mot fattigdom og som oppfølging av
stortingsmeldinga om opplæring innanfor kriminalomsorga (St.meld.
nr. 27 (2004–2005)) foreslår Regjeringa å løyve 4 millionar
kroner til å styrkje arbeidet med å gi tilpassa opplæring til
innsette i fengsel.
Landslinjer:
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til landslinjer med vel
21 millionar kroner i forhold til det salderte 2005-budsjettet,
slik at ho blir ført vidare på same nivå som i 2004.
Tryggleiksopplæring for fiskarar:
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til tryggleiksopplæring
for fiskarar med om lag 3 millionar kroner i forhold til saldert
2005-budsjett.