Historisk arkiv

FN sin busetjingsdag - Alle har krav på ein trygg og god heim

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til media 02.10.2009.

Retten til å bu er ein grunnleggjande menneskerett. Det slo FN fast allereie i 1948. Diverre er vi er langt frå målet. Globalt bur meir enn 1 mrd menneske i slum. I følgje tal frå FNs regionalkontor for Europa (UNECE)  bur 50 mill. menneske i uformelle busetnader i Europa. Dei fleste av desse bur særs dårleg og mange bur ulovleg. Dette er uverdig!

I Noreg er situasjonen heldigvis betre.  Dei fleste bur godt og trygt. Sjølv om utfordringane i samanlikning er små, er det alt for mange utan fast bustad også her. Framleis bur nokre dårleg eller ulovleg. Fleire slit med å koma inn på bustadmarknaden og har problem med å handsama husleiga eller lånet sitt.

Fyrste måndag i oktober er FN sin busetjingsdag.  Dagen skal markerast med konferansar verda over, også i Noreg. Tema i år er ”Planlegging for vår urbane framtid”. Meir enn halvdelen av folk i verda bur i byar. Byane vil veksa enda meir i åra som kjem. Rapportar frå FN syner at det er byane som har dei største utfordringane både når det gjeld fattigdom og miljø.  Også i Noreg finn vi dei fleste bustadlause og dei største levekårutfordringane i byane. 

I motsetnad til mange andre land har vi ressursar til å gjera noko med dette. Kommunane utfører ein god innsats for å gje alle ein trygg og god bustad. Regjeringa har mellom anna utvida bustøtta. På ein dag som denne bør vi likevel reflektera  over den utfordringa Menneskerettserklæringa frå 1948 gjev oss. For meg står det klårt at vi ikkje er i mål, heller ikkje i Noreg. Det gjev oss grunn til å fortsetja arbeidet for å gje alle ein trygg og god bustad, noko regjeringa vil halda fram med i åra som kjem.