- Å skape eit inkluderande
informasjonssamfunn er ikkje noko politikarane klarer aleine. Noreg
er avhengig av alle dei eldsjelene og entusiastane som jobbar
entusiastisk med dette, seier Fornyings- og
administrasjonsministeren.
Seniornett Noreg er ein ideell
organisasjon som ønskjer å fremje eldre si deltaking i
informasjonssamfunnet, og som allereie har etablert 25 lokale
klubber runde om i landet der seniorar kan få opplæring i bruk av
IKT som verkty. Innbyggjarar over 55 år har lenge vore den gruppa
med lågast bruk av Internett og elektroniske tenester. Seniornett
har som mål å etablere klubbar i alle kommunane i landet innan
2011.
Ved hjelp av målretta tiltak
som SeniorSurf-dagen har fleire tital tusen seniorar fått ei fyrste
innføring i IT og bruk av Internett. Dette har vore med på å
auke delen av dei over 60 år som nyttar seg av Internett frå 9% til
40% dei siste seks åra.
Eitt viktig mål for den
raudgrøne regjeringa er å bryte ned dei digitale skilnadane i
dagens samfunn, og sørgje for at alle har tilgang til og kunnskap
om å bruke IKT-tenester i kvardagen. Ved å gi ein million kroner
til Seniornett ønskjer regjeringa å sikre arbeidet med å spreie
kunnskap om IKT
– Vi må bryte ned barrierane
mange opplever i møtet med Internett og andre elektroniske
tenester. Derfor treng vi den entusiasmen som Seniornett
representerer. Vi treng eldsjeler som går føre med ei ukueleg tru
på prosjektet. Derfor støttar vi ekstra opp under denne
innsatsen, og det er ei glede for meg å gje Seniornett ein
million kroner til dette viktige arbeidet, seier Heidi Grande
Røys.
Målet om å minimalisere dei
digitale skilnadane i landet er nedfelt i Soria Moria-erklæringa,
og vil vere eit viktig tema i den komande stortingsmeldinga om
IKT-politikk. Pengane til Seniornett er berre eitt av tiltaka
regjeringa vil gjennomføre i tida framover for å sikre at alle blir
inkluderte i det digitale samfunnet.