Historisk arkiv

Seniornett Noreg får 1 million kronar til arbeidet for dei eldre si deltaking i informasjonssamfunnet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 47/2006
Dato: 21.11.06
Kontaktperson: Informasjonsrådgiver Jan-Anders Dam-Nielsen, tlf. 22 24 66 21

Seniornett Noreg får 1 million kronar til arbeidet for dei eldre si deltaking i informasjonssamfunnet

Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys gir ein million kroner til Seniornett Noreg sitt arbeid med å spreie kunnskap om bruk av IKT-verkty til dei over 55 år. – Arbeidet Seniornett gjer er ein stor inspirasjon for oss andre og viktig for å gjere det digitale skiljet mindre, seier Grande Røys.

- Å skape eit inkluderande informasjonssamfunn er ikkje noko politikarane klarer aleine. Noreg er avhengig av alle dei eldsjelene og entusiastane som jobbar entusiastisk med dette, seier Fornyings- og administrasjonsministeren.

Seniornett Noreg er ein ideell organisasjon som ønskjer å fremje eldre si deltaking i informasjonssamfunnet, og som allereie har etablert 25 lokale klubber runde om i landet der seniorar kan få opplæring i bruk av IKT som verkty. Innbyggjarar over 55 år har lenge vore den gruppa med lågast bruk av Internett og elektroniske tenester. Seniornett har som mål å etablere klubbar i alle kommunane i landet innan 2011.

Ved hjelp av målretta tiltak som SeniorSurf-dagen har fleire tital tusen seniorar fått ei fyrste innføring i IT og bruk av Internett. Dette har vore med på å auke delen av dei over 60 år som nyttar seg av Internett frå 9% til 40% dei siste seks åra.

Eitt viktig mål for den raudgrøne regjeringa er å bryte ned dei digitale skilnadane i dagens samfunn, og sørgje for at alle har tilgang til og kunnskap om å bruke IKT-tenester i kvardagen. Ved å gi ein million kroner til Seniornett ønskjer regjeringa å sikre arbeidet med å spreie kunnskap om IKT

– Vi må bryte ned barrierane mange opplever i møtet med Internett og andre elektroniske tenester. Derfor treng vi den entusiasmen som Seniornett representerer. Vi treng eldsjeler som går føre med ei ukueleg tru på prosjektet. Derfor støttar vi ekstra opp under denne innsatsen, og det er ei glede for meg å gje Seniornett ein million kroner til dette viktige arbeidet, seier Heidi Grande Røys.

Målet om å minimalisere dei digitale skilnadane i landet er nedfelt i Soria Moria-erklæringa, og vil vere eit viktig tema i den komande stortingsmeldinga om IKT-politikk. Pengane til Seniornett er berre eitt av tiltaka regjeringa vil gjennomføre i tida framover for å sikre at alle blir inkluderte i det digitale samfunnet.