Regjeringa går inn for å vidareføre drifta ved dei fire
norske Loran-C stasjonane Værlandet (Askvoll kommune i Sogn og
Fjordane), Bø i Vesterålen (Nordland), Berlevåg (Finnmark) og Jan
Mayen ut 2009. Bakgrunnen er fornya interesse for dette
bakkebaserte navigasjonssystemet i Europa.
Det er no fornya interesse i Europa
for å etablere Loran-C som eit backup-system for satellittbaserte
navigasjonshjelpemiddel, men det er i dag ingen endeleg avklaring i
saka. Fiskeri- og kystdepartementet har blant anna fått
oppmodingar frå EU og frå britiske og franske styresmakter om
vidare drift av Loran-C. Storbritannia har starta nasjonal
prøvedrift av Loran-C, medan Frankrike har bestemt å vidareføre
systemet til 2015.
Også Russland har vist interesse
for vidare norsk drift, og eit muleg samarbeid med det tilsvarande
russiske navigasjonssystemet – Chayka.
- Dei avgjerder som vert tatt i
Europa innan utløpet av 2009 når det gjeld val av backup-system
blir viktige element for Norges holdning til kva som vil skje med
drifta av Loran-C ved dei norske stasjonane etter 2009, seier
fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.